Billettmerkkt: Bygderomantikk

Kari Aakra I alle år har tunet og dei omliggande gardane hjå Geir Arne Eikemo […]

Kari Aakra

I alle år har tunet og dei omliggande gardane hjå Geir Arne Eikemo (45) myldra av nysgjerrige byturistar, og budeier på jakt etter draumejobben. Nyleg kunne naboen Nils Ketil Eikemo (35) annonsera truloving med Sandefjord-kvinna Stine Johansen (28), og har truleg sikra bygda ein innbyggjar til.
Og rykta om at TV2 har motteke brev med forslag om Geir Arne Eikemo som deltakar til «Jakten på kjærligheten», er ikkje ukjende.
Ungkarsbonden sjølv er ikkje informert om den slags, men nektar ikkje for at Kathrine Moholt og hennar kamerafolk er velkomne til Eikemo og tunet hans.

— Det er i alle fall god reklame for dei som driv turisme her. Og denne programleiaren kan vel klara å overtala kven som helst til å bli med, meiner 45-åringen.

Siste tilflyttar
I 1944 gifta mora hans, Tora (86) seg til Eikemo. Ho var siste innvandrar til bygda før nabokona, Liv Eikemo gifta seg til  nabogarden i 1973. Og innvandrarkvinnene ser ut til å halda 30-års intervalla til grenda på nordsida av Åkrafjorden. Stine Johansen er for tida på plass hjå Nils Ketil for å testa ut gardslivet på Eikemo etter trulovinga. Geiter og stølsliv har ikkje vore kvardagskost for Sandefjord-kvinna tidlegare, men det har byrja å gje meirsmak.
— Eg har vore på besøk tidlegare, og det har vore dei første møta mine med fjos og geiter. Men nå vurderer eg å flytta hit, her er jo så flott, seier Johansen, med geitekjea på armen.

Siste innslag i klanen er Stine Johansen frå Sandefjord som forlova seg med Nils Ketil Eikemo i januar. Nå vurderer ho å flytta til bygda, og så langt verkar Eikemo-livet freistande. 

Over 2.000
Og det er nok av dei som har falle for perla i Åkrafjorden, som nå tel seks innbyggjarar. Det har alltid vore mange besøkjande, men med Åkrafjorden Oppleving As, traktorsafariane, og turar til stølen har folkevandringa auka kraftig dei siste åra. I fjor var det over 2.000 besøkjande på Eikemo, over dobbelt så mange som året før.
Etter at Geir Arne som den yngste av ni søsken, overtok garden i 1982 tok han også til å leiga inn budeier til stølen i sommarsesongen, og opphaldet har sett minnerike spor hjå mange kvinner som har tilbrakt sommarmånadane her.
Rundt St. Hans kjem neste pulje, for å halda dei 50 geitene på stølen med selskap og stell gjennom sommaren. Alt tyder på at både bransje og arbeidsmiljø får beste karakter.  

Gjengangarar
— Mange av budeiene som har arbeidd her gjennom åra, er vaksne og gifte med familiar nå, men snakkar likevel om å komma tilbake og ta ein ny sommar her. Ei av jentene me hadde frå Nederland, hadde eigentleg planar om å vera her berre ein månad, men valte å ikkje bruka returbilletten og blei ein månad til. Også ho trugar med å koma tilbake, spøker Geir Arne.
Og det er etterkvart mange som har blitt kjende med innsida av fjellsidene på «andre sida» av Åkrafjorden. I 2004 var staden og ungkarane via eit av programma i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Etter turiststraumen fann vegen inn til gardane, har pressa vore hyppige på tunet.
— På NRK-programmet såg det gjerne litt rart ut. Det verka som om me berre køyrde rundt i gamle bilar og ringde etter budeier heile tida.

 

Det manglar ikkje på trekkplaster til Eikemo. Det første som møter reisande med båt over fjorden når dei kjem til lands på veg mot Eikemo, er tilbod om ferskvarer av ypparste klasse: «Frittgåande egg, mjølk for salg. 3 km. Første vei til høgre»

Ei kone for lite
Og om sommarsesongen set fart på folkeveksten på Eikemo, kunne fleire med fordel ha blitt verande resten av året også, meiner mora Tora Eikemo.
— Eg har likt meg sidan eg kom hit i 1944. Då var det skule her og omlag 30 innbyggjarar. Men med tida har arbeidsplassar og folk forsvunne herifrå. Men eg likar meg framleis. Det manglar ei «kåna» her inne. Det er alt, konstaterer ho.
Sjølv tar ungkarsbonden Geir Arne situasjonen med ro. Likevel manglar det ikkje på kreative forsøk på å behalda kvinnene der inne heller. Men det har ikkje alltid gått vegen, fortel han.
— Det var eit par flotte damer her inne ein gong. Dei ville bada og hoppa uti dammen inne ved stølen. For å få dei til å bli verande køyrde eg like godt i frå dei. Men så var det eine svogeren min som tok henne med i bilen på tilbakevegen. Ja, det er litt av nokre svograr, ler han, og må innrømma det var ved ei forgløyming han forlat badenymfene ved stølen.

Vidgjeten
Mange har gjennom åra og kjennskap til staden fått nært forhold til Eikemo. Blant dei 30 barnebarna som stammar frå den veglause grenda, er Brann-keeper Håkon Oppdal blant dei hyppig besøkjande. Eldre kjenningar av staden har heller ikkje gløymt ut bustaden sin. Tidlegare lærar på skulen på Eikemo, som stengde i 1969, Jon Bore var nyleg på besøk, og turen innom det gamle skulehuset vakte mange minne. Dagane i sommarsesongen er hektiske for bonden som nå også er blitt turistguide for fulle traktorhengarlass med skodelystne og fjellglade kvar sommar.
— Det går i eitt frå morgonen til langt ut på ettermiddagen. Ned til kaien og henta folk, køyra dei opp og fortelja om Eikemo, stølsdrifta og lyga litt. Om det ikkje er for mange kjensfolk med då, seier han med ei smil.

Lar verda koma til seg
Det er ikkje ofte innbyggjarane på Eikemo får høve til å ta seg ut, lengre enn turane til Etne. Både travle somrar og gardsdrifta krev sitt. Likevel er det stadig aktivitet, og bygda kan skryta av å vera eit av dei mest populære turistmåla i Åkrafjorden. Og etterkvart har turismen blitt forretning.
I løpet av sommaren skal nok ei hytte byggjast på Eikemo, og har lag og organisasjonar allereie meldt si interesse for besøk til sommaren. Så om ikkje innbyggjarane får koma seg bort så ofte, lar dei like godt folk koma til seg. Likevel har det litt nokre utfartar.
— Nokre feriar har det då blitt. Eg hadde jo blitt løyen om eg ikkje hadde kome meg vekk litt av og til. Men det er godt å reisa bort nå og då, så får eg sjå at det går an å bu andre stader også, konkluderer Geir Arne Eikemo.