På eit møte med Fatland i dag, oppmoda Coop om at gjennomgangen også skal inkludera representantar frå Nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbundet lokalt og sentralt, i tillegg til representantar frå LO.
— Me er svært nøgde med møtet i dag som sikrar fullt innsyn i verksemda og at ein ikkje tek atterhald, men garanterar at dei avvik som bli funne også blir retta på, seier informasjonsdirektør i Coop Norge, Bjørn V. Kløvstad til NTB.
I følgje NTB bestemte medeigar og dagleg leiar i Fatland Ølen, Svein Fatland å avslutta engasjementet i bemanningsselskapet UAB Norveglit i dag.
— For oss er det viktig at Fatland nå har skjønt at dette ikkje berre handlar om lover og reglar, men også om etikk og moral. Det viser avgjerda Svein Fatland har tatt om å avslutta jobben i UAB Norveglit, seier Kløvstad.
Fatland har i dag sjølv valt å leggja ut informasjon og kommentarar til det sterke kritikken dei siste dagane på heimesidene sine.
_______________________
Fatland Ølen blir skulda for sosial dumping etter at tidlegare litauiske arbeidarar har kontakta Norsk nærings- og nytelsesmiddalforbund.
I ein reportasje på Lørdagsrevyen på NRK blei det i helga retta sterk kritikk mot Fatland slakteri i Ølen som blir skulda for å driva sosial dumping. Bakgrunnen er at åtte litauarar som tidlegare arbeidde ved Fatland hevdar dei har møtt hindringar for å melda seg inn i fagforeininga, og ikkje har fått tilstrekkeleg hjelp etter skader dei fekk i arbeidet på Fatland.
Dagleg leiar i Fatland Ølen, Svein Fatland meiner at alt har vore bra på arbeidsplassen for litauarane, og at Fatland ikkje har fagforeningsinnmelding.
— Eg ønskjer at flest mogleg av våre arbeidarar melder seg inn i fagforeiningar. Dersom arbeidarane har skada seg, har dei fått all den behandling dei skal få, seier Fatland.
—Sjokkerande
Forbundssekretær i Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund, Svein-Erik Simonsen, meiner også at arbeidarane har fått for lite utbetalt løn for dei tre månadane dei jobba ved slakteriet i Ølen, og kallar det sosial dumping.
— Fatland berikar seg på fattige menneske. Bedrifta burde skamma seg, seier Simonsen.
Økonomisjef på Fatland Ølen Svein Olav Lilaas, seier til NRK at dersom det har vore feil i utbetalingane skal dette ordnast opp i snarast.
30.april skal Fatland Ølen, LO og NHO ha oppklaringsmøte om situasjonen i Ølen.