Det blir musikk i Sandeid

Anita Haugland I år har Hilde B. Abelseth og Svalaug Matre teke initiativet, og fram […]

Anita Haugland

I år har Hilde B. Abelseth og Svalaug Matre teke initiativet, og fram til nasjonaldagen har dei samla i saman eit korps som skal øve saman kvar veke.
Det starta med annonse i Grannar før påske, og overraskande mange stilte opp. Fram til no har det nystarta korpset omlag 16 medlemmer. Dei fleste er i alderen pluss, minus 30 år.
— Me har hatt to samlingar, og me har alle fått lyd i instrumenta, seier Hilde B. Abelseth.

Livlegare
Ho gledar seg til 17.mai 2009.
— Det blir med ein gong mykje livligare med musikk i toget, seier Abelseth.
Ho kan fortelje at dei har øvd på både «Ja, vil elsker» og «Sandeid-songen» allereie. Dei skal ha ei øving kvar onsdag fram til nasjonaldagen.
— Om ei stund må me også øve oss på å spasere medan me bles, det er jo tross alt ei stund sidan sist me spelte, seier Hilde B. Abelseth.
Ho meiner det er fleire år sidan sist Sandeid hadde korps med i toget.
— Det er fleire som har snakka om at det hadde vore kjekt med musikk i toget, og i år bestemte me oss for å gjera noko med det, seier Abelseth.