Fengselsleiing, ordførar og forfattar Stig Holmås kunne gratulera dei 88 innsette ved Sandeid fengsel med nyopna bibliotek på torsdag. Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABS) fekk i 2008 midlar til å sikra bibliotektenester til fleire fengsel i landet, og innan 2009 skal alle fengsel med fleire enn 25 innsette ha eige bibliotek eller fullgode bibliotektenester. Regionsdirektør i kriminalomsorga sørvest, Gudmund Idsø, poengterte betydinga av bibliotektenesta rehabiliteringssamanhengen då han gratulerte fengselet med opninga.
— Me ønskjer at kultur og fritidstilbodet i fengselet skal vera det same som utanfor. Og med det profesjonaliserte tilbodet Sandeid fengsel får med det nye biblioteket, styrkar ein målet om eit fengselsopphald som gjer meining.
Kjærkome
Ved oppstart har fengselsbiblioteket omlag 2.000 bind dei innsette kan velja i. Bibliotekansvarleg i Vindafjord kommune, Any Tordis Heggebø, seier det vil bli stor gjennomtrekk i utvalet, som etter kvart skal tilpassast behova hjå dei innsette.
— Eg veit enno ikkje kva brukarane ønskjer av litteratur, men nå har eg prøvd å ta inn bøker på emne som kan dekka interessene til alle aldersgruppene, både dei mannlege og kvinnelege innsette. Etter kvart som me blir kjende med kvarandre, vil samlinga bli utvida og tilpassa, seier Heggebø, som retta stor takk til medhjelparane og fengselsbetentar Reidar Håvås og Roy Adolfsen for organiseringa frå fengselet si side.
Begge to meiner bibliotek har vore eit sakn blant innsette.
— Etter at dei fekk høyra om bibliotekplanane, har dei innsette ofte etterspurt det. Utanom bingo, tv og radio, finnest det ikkje særleg med arrangement eller aktivitetar for dei innsette. Nå vil også enkelte av dei vil få høve til å vera med i arbeid på biblioteket som del av opplæring.
— På sin plass
Blant dei innsette var det utan tvil eit høgdepunkt ha sin eigen litterære arena innanfor fengselsgjerda. Øyvind trur biblioteket i seg sjølv er like viktig som bøkene.
— Å vera i Sandeid fengsel er som å vera på leirskule i forhold til mange andre stader, men eg har i grunnen sakna ein samlingsstad. Me har all verdas tid her inne, og eg trur eg vil lesa meir nå, seier Øyvind, som håpar han vil finna «Gjest Baardsen» og anna eldre krimlitteratur i hyllene.
— Krimlitteraturen var liksom koselegare før, smiler han.
Men krimen er ikkje naudsynleg den som toppar utlånslistene i fengselsbiblioteka, og både faglitteratur, historieskildringar og romanar har fått prega samlinga.
Niels skal saumfara biblioteket etter siste boka til yndlingsforfattar Gert Nygaardshaug, og er på jakt etter krimromanane hans. Han tykkjer boksamlingar som dette burde vera eit absolutt «must» innanfor alle soningsanstaltar, med tilbod for einkvar.
— Bibliotektenesta passar som hand i hanske i eit kvar fengsel, og eg vil også tru det er avgjerande å ha bøker på framandspråk så vel som norsk i hyllene.