Frisk sesongstart

Synne Merete Mæle Spelande trenar på Ølen IL, Espen Vaka, trur dei går ein spanande […]

Synne Merete Mæle

Spelande trenar på Ølen IL, Espen Vaka, trur dei går ein spanande sesong i møte.
— Sjølvsagt er det motiverande å møte lokale lag. Me blir meir gira og gir 110 prosent, fortel Vaka. I treningskampane så lang i år, har Ølen vunne tre kampar og tapt tre. I følgje trenaren har laget 17-18 spelarar å ta av. Det har vore ein del utskiftingar av laget i år. Nokre har gitt seg, men lovar å stille opp om det trengs.
— Mannskapet vil til tider variere sidan fem, seks mann arbeider i Nordsjøen, derfor er det godt at «veteranane» kan trø til når det trengst, seier trenaren. Vaka meiner laget fungerer bra offensivt, men må bli betre på dødballar. Den spelande trenaren har ikkje lagt opp nokon strategi så langt, og kjem til å ta kamp for kamp, fortel han.

Frå 4. til 5.
Etne IL rykka ned i 5.divisjon i fjorårssesongen. Hjelpetrenar Jørgen Øyjord meiner laget høyrer heime her.
— I 4.divisjon gjekk det mykje tid til reising over Boknafjorden. Me møtte lag som Egersund, Voll og Kleppe. For mange let det seg dårleg kombinera med familieliv og jobb. I år går omtrent alle kampane på Haugalandet, som igjen resulterer i rekordoppmøte på treningane, seier Øyjord. Trenarane vil ikkje spå utfallet av den komande kampen mellom Ølen IL og Etne IL.
— Me skal ikkje leggje lista for høgt, men spele fin fotball, seier trenar Vidar Aastvedt.
Ølentrenar Espen Vaka er av ein annan oppfatning;
— Sjølvsagt vinn me mot Etne, seier han med eit smil.

Ungt lag
A-laget til Etne har satsa friskt med treningar tre gonger i veka, og frivillig trening på laurdagar. Ølen IL har trena to gonger i veka etter jul. I følgje Øyjord må Etne IL bli betre på stabilitet, og prøve å prestere litt jamnare.
— Me kan spele fantastisk i 60 minutt, for så å sleppe oss heilt nedpå mot slutten. Det kjem av at me har eit svært ungt lag i år, utan så mykje rutine og erfaring. Dessutan «lekkjer» det litt bak til tider, noko me må jobbe med, fortel hjelpetrenaren.
Aastvedt og Øyjord er begge samde om at Etne IL er gode offensivt, og kjem til å lage mykje mål i årets sesong.

Spelande trenar
I fjorårssesongen enda Ølen IL på andreplass i 5.divisjon. Laget har hatt  problem med å få trenar sidan Bjørge Fedje fråskreiv seg trenarjobben i januar i år. Det førte til at unge Espen Vaka steppa inn som spelande trenar. Med seg har han Erik Reistad som også er spelande trenar, og Magne Skålnes som tar seg av innbyta, skader osv.  Vaka trur det skal gå greitt å vere spelande trenar, sjølv om ein sjølvsagt får eit litt annleis oversyn frå sidelinja.

Saknar satsing 

 

Skjoldar/Vats 94-trenar Frank Abelseth synest det er trist for fotballen i distriktet at lokaloppgjeret går føre seg i 5.divisjon.

— Det er synd at fotballag i Etne og Vindafjord ikkje har større ambisjonar, og er villige til å satse litt. Eg synest det er ein nedtur at laga møtest på eit så lågt nivå. Det viktigaste burde ikkje vere å ha flest mogleg lokallag i 5.divisjon, men å bygge opp ein god paraplyklubb i regionen vår. Om me hadde samla spelarar frå Ølen, Skånevik, Vats, Skjold osb, kunne me fått til dette. For å få fram gode lag er me avhengig av gode trenarar, og spelarar som er villige til å satse.
Abelseth svartmalar likevel ikkje fotballmiljøet i regionen.

 
— Det er positivt med så mange lag i lokalsamfunnet vårt, og det finnest mange trenarar som står på og ofrar mykje tid til lagarbeid.     
A-laget til Skjoldar/Vats-94 slit med for lite spelarar. Dei trenar to gonger i veka, og som regel møter det berre opp sju, åtte personar på trening. Sidan klubben ikkje klarte å få fram eit juniorlag i år har dei spelarar heilt ned i 16-årsalderen.
— Det er rett og slett for tynt grunnlag for å satse høgare, avsluttar Abelseth.  

 Kva meiner du? Sei di meining her!