Funnen død i sjøen

Ein mann blei klokka 08.00 torsdag morgon funnen død i hamnebassenget ved Etne sentrum. Mannen […]

Ein mann blei klokka 08.00 torsdag morgon funnen død i hamnebassenget ved Etne sentrum. Mannen var i 42 år gammal og hadde budd i distriktet i mange år. Mopeden til den omkomne blei funnen nær kaien.

Seaking-helikopter, hovudredningssentralen og det lokale politiet iverksette rutinemessige søk om det var fleire personar involverte. Søket blei avslutta klokka 09.30. 

Ein kjenning av mannen såg han seint onsdag kveld, men politiet står utan vitne og ber om opplysningar frå publikum.
— Det er ingenting som tilseier kva som har hendt, og me ber om tips frå publikum dersom noko har observert noko i løpet av natta, seier lensmann ved Etne og Vindafjord lensmannskontor , Ingvar Gjærde.

Lensmann i Etne Niljann Hustoft seier årsaka truleg ikkje vil bli oppklart med det første.
— Det er uavklarte omstendigheter rundt dødsfallet, og det vil bli begjært obduksjonsrapport, som ikkje vil liggja klar før i neste veke, seier Hustoft.