Har kniven på strupen

Jon Edvardsen Fatland skal i dag ha oppklaringsmøtet med Nærings- og Nytelsemiddelarbeiderforbundet (NNN) og Næringslivets […]

Jon Edvardsen

Fatland skal i dag ha oppklaringsmøtet med Nærings- og Nytelsemiddelarbeiderforbundet (NNN) og Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) mat og bio på slakteriet i Ølen.

— Har vi gjort noko feil, vil vi sjølvsagt rydde opp i det. Vi skal kome til ei ordning og bli ferdig med saka, noko anna er ikkje alternativ. Vi leiger inn arbeidskraft frå Litauen fordi vi manglar arbeidskraft, ikkje for å tene pengar på det. Difor trur eg ting er i orden, seier Fatland.

Kva Fatland eventuelt har å gi i møtet med LO-forbundet, vil Svein Fatland ikkje kommentere før møtet.
—Saka er blitt ei belastning for alle som arbeider hos Fatland, og det er klart uheldig at vi får denne omtalen. Men eg håpar vi kjem ut av det på ein grei måte utan negative konsekvensar.

Ut av selskap
For slakteriet er saka blitt ei belastning, og visekonsernsjef Terje Wester i Oslo var på teppet hos Coop og Norgesgruppen på måndag, dei to største kundane til slakterikonsernet.
I denne divisjonen er det ingen andre alternativ enn å leggje seg flat og rette opp i eventuelle feil. Wester kunne blant anna informere at Svein Fatland går ut av eigarposisjonen i eitt av bemanningsselskapa som skaffar og lønnar dei litauiske arbeidarane. At Svein Fatland hadde denne posisjonen, var daglegvarekjedene raskt ute og kritiserte.
— Vi såg ikkje noko problem i dette, og siktemålet med selskapet var å ha kontrollen med formidlinga og sjå til at det gjekk rett føre seg. Når andre meiner det er uheldig, har eg ikkje problem med å gå ut av selskapet, seier Svein Fatland.

Formidling i søkjelyset
Det har storma rundt landets største private slakteri etter kritikken om sosial dumping av litauiske arbeidarar, som har hevda dette etter at dei kom tilbake til heimlandet og fekk fasiten for kva dei fekk betalt for jobben i Ølen.
 I går var Camilla Schrader Roander frå Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) i full gang med å gjennomgå og hjelpe selskapet til å få oversikt over vilkåra til litauarane som er utleigd gjennom UAB Norveglit, og Norinvest som nordmannen Stig Rønning står bak i Litauen
Eigarane av UAB Norveglit er Svein Fatland (75 prosent) og Darius Dimsa (25 prosent), og dette selskapet har i år formidla flesteparten av litauarane. Dimsa er sjølv frå Litauen, men har flytta permanent til Ølen, og han hadde jobben med å forklare NHO-representanten om avlønningsystemet dette selskapet praktiserer.

Nettoløn
Fatland Ølen meiner dei har sitt på det tørre når dei betalar minstetariff på 127 kroner timen til selskapet. Svein Fatland opplyser at det er minstetariff, men at dei betalar meir til dei som har kompetanse og fartstid i slakteriet.
Stridens eple er også at det litauisk registrerte selskapet som leiger ut arbeidskrafta, betalar ut netto løn der husleige og matpengar, pluss heimreise, er trekte frå. I følgje Fatland varierer netto timeløn frå 40 til 70 kroner.
LO-forbundet hevdar at arbeidarane berre har fått overført pengar og ingen lønsslipp frå UAB Norveglit. NNN hevdar lønna er sosial dumping, og at formidlingsselskapa stikk av med pengar.
— Er det ikkje ryddigare å betale ut bruttoløn slik norske arbeidstakarar får det?
— Det har vore vurdert tidlegare, men dei vil ha det slik. Det er netto som tel i Litauen. Men om spørsmålet dukkar opp igjen, har vi ikkje noko imot å vurdere det på nytt, seier Svein Fatland.
Litauarane har også ei spesiell arbeidstidsordning der dei arbeider lange dagar på flat timeløn i tre månader, og deretter har fri i tre månader.