— Det var utruleg gøy og samstundes veldig overraskande å få delta på festivalen. Me gleder oss mykje, fortel Linn Frøkedal. Det forholdsvis ferske bandet har markert seg sterkt så langt i år. The Megaphonic Thrift kom til finalen i årets Urørt-konkurranse i Trondheim, og deltok på Bylarm i februar. Snart legg dei ut på Noregsturné. Linn Frøkedal er også medlem av gruppa The Low Frequency in Stereo, som også har hausta godord den siste tida. Etnejenta bur for tida i Bergen der ho studerer og jobbar.
I januar vann Kvelertak zoomfinalen i Stavanger, og gjekk vidare til hovudfinalen i Oslo. Uka etter la dei ut på noregsturné med punk/ hardrockbandet Skambankt frå Kleppe. Forutan Roskildefestivalen er bandet å finne på Øyafestivalen 11-15 august.
Klare for Roskilde
— Det var utruleg gøy og samstundes veldig overraskande å få delta på festivalen. Me […]