Langfoss-kiosken opnar att

Kari Aakra Harald og Else Fjæra gav seg med kioskdrifta ved attraksjonsfossen i Åkrafjorden i […]

Kari Aakra

Harald og Else Fjæra gav seg med kioskdrifta ved attraksjonsfossen i Åkrafjorden i fjor haust. Frå fredag av skal Nina Kaltwasser ved Eljarvik gard drifta kiosken. Kaltwasser og mannen Øystein er som eigarar av Eljarvik også grunneigarar av området frå utsida av Langsfoss mot Fjæra, og har fått overtatt kiosken på parkeringsplassen.
— Me vil prøva ut produkt og drift fram mot sesongsoppstart nå. Me vil ha påskeope og ha opningstider frå 10.00 til 19.00 kvar dag. Frå 1. mai  og sesongstart vil drifta gå som vanleg fram til september, seier Kaltwasser.

Utvidingsplanar
Saman med Etne kommune og vegvesenet er grunneigarane ved Langfoss i gang med ei arbeidsgruppe for utvikling av turistattraksjonen. Grunneigarane ser for seg store moglegheiter for utvikling av området rundt Langfoss. Kaltwasser ønskjer at det Langfoss-området skal utviklast så stort som attraksjonen fortener.
— Me vil satsa på Langfoss, som faktisk er den største attraksjonen her inne. I dag er det altfor lite volum i det vesle kiosklokalet, sidan potensialet for sal rundt Langfoss er mykje større, med både kioskvarer og suvenirar, seier Kaltwasser.