På fredag 10.juli entrar Craig hovudscena i Vikedal. Den 26 år gamle Oslo-jenta skal kasta seg over publikum, etterfølgd av dei norskengelske indierockarane i the Wombats.
Craig har dei siste åra markert seg sterkt på musikkfronten i Noreg, og hadde mellom anna i fjor stor suksess som låtskrivar bak Noreg sitt bidrag «Hold on, Be strong», i Melodi Grand Prix.
Tidlegare har Craig gjort seg bemerka med halsbrekkande stunt frå konsertscena, og fekk store oppslag etter at mellom anna rap-stjerna Snopp Dogg samarbeidde med henne.
Med Mira Craig er årets Roots-program i boks. Andre norske musikalske tungvekterar som Vamp, Vestlandsfanden og Rita Eriksen opptrer også på Roots-scena dette året.