Mopedisten funnen heime

  Politiet fekk i dag morgon melding om at ein moped blei funnen på ei […]

Politiet fekk i dag morgon melding om at ein moped blei funnen på ei berghylle ved Dysjanes, omlag seks kilometer frå Etne sentrum.

Leitemannskap blei sendt til staden, då det var frykta at sjåføren var hamna i fjorden. På bakgrunn av registreringsnummeret fekk politiet kontakta familien til den 16 år gamle mopedeigaren frå Skånevik, som viste seg å vera heime og uskadd.  

— Mopedisten fortel at han har køyrd på denne strekninga tidleg i dag morgon, og hadde eit uhell der mopeden skrensa og for utfor vegen. Sjølv klarte mopedisten å hoppa av. Han seier han er uskadd og har det bra, opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt, Terje Tonning.

Politiet er nå i kontakt med mopedeigaren, for å få nærare opplysningar om kva som hende.

Det var ein turgåar som i dag morgon melde i frå om mopeden. Det var tydelege spor i asfalten etter skrensen, og det blei utlyst full alarm. Både Sea King-helikopter, politi, ambulansepersonell og dykkarar blei iverksett i leitinga. 

 

Det var omlag 10-15 meter frå vegen ned til berghylla der mopeden blei funnen.