Nytt håp om strikkhopping

Nye signal frå statssekretær Geir Pollestad (Sp) i Samferdselsdepartementet tyder på ei avklaring rundt pilothopping […]

Nye signal frå statssekretær Geir Pollestad (Sp) i Samferdselsdepartementet tyder på ei avklaring rundt pilothopping frå Trolljuv bru i Åkrafjorden eller gamle Svinesund bru ved svenskegrensa.
— Det er synd om desse bruene blir sett opp mot kvarandre. Hopping frå Trolljuv kan starta raskast, medan Svinesund er meir interessant på grunn si sentral plassering, seier Kvalsvik til Grannar.
Dersom han får ei avklaring i løpet av denne veka, kan strikkhopping i Åkrafjorden starta rundt midten av mai. I fjor hadde Kvalsvik og hans Midnight Sun Bungee Team over 70 påmelde til planlagd prøvehopping frå Trolljuv bru.
— Interessa er stor, men sjølv om me nå skulle få løyve, har me tapt stort på marknadsføringa fordi departementet har vore trege med å finna ei løysing i denne saka, seier Kvalsvik som nå augnar ein sjanse til å få utøva strikkhopping i landet etter å ha jobba for dette sidan 2002.