Ølen opna med siger

Det stod 0-0 til pause, men fem minutt inn i andre omgang sette Ølens Oddbjørn […]

Det stod 0-0 til pause, men fem minutt inn i andre omgang sette Ølens Oddbjørn Brekke ballen i nettet. I det syttiande minutt gjentok spelande trenar Espen Vaka suksessen med å auke til 2-0.
— Me spelte ein god kamp. Skudenes er gode på heimebane, men tapte krefter mot slutten. Ølen spelte godt i lag, og alt fungerte i går, seier Espen Vaka.