Det ser ikkje ut til at påskesola skal vise seg frå si beste side i Grannar-distriket, men nokre glimt innimellom kan eg rekne med. Torsdag er det overskya, fare for regnbyer og lett bris. Fredag delvis skya og lett bris. Laurdag og søndag kan ein igjen vente nokre regnbyer og lett bris. På søndag vil vinden vere svakare. Måndag skya og svak vind til lett bris.
Grannar har også kikka på veret som er meldt på turisthyttene i Etne og Vindafjord. Opplysningane er henta frå yr.no, og her kjem ei lita oversikt:
Vindafjord
- Longåsdalen: Torsdag og fredag delvis skya, lett til laber bris. Regn laurdag og søndag. Skya måndag.
- Olalihytta: Torsdag kjem det regnbyer og lett bris. Fredag er det delvis skya, medan det kjem regn og lett bris på laurdag. Søndag blir veret det same, men litt svakare vind. Måndag skya.
Etne
- Løkjelsvatnbrakka: Torsdag regnbyer og lett bris. Fredag skya og lett bris. Laurdag og søndag regn og lett bris, vinden stilnar litt på søndag. Måndag skya.
- Sandvasshytta: Torsdag og fredag regn og lett bris. Laurdag og søndag regn og svak vind. Måndag sol og svak vind.
- Simlebu: Torsdag regn og lett bris. Fredag skya og lett bris. Laurdag og søndag regn og svak vind. Måndag sol og svak vind.
Dersom du reiser på fjellet, er det lurt å ta førehandsreglar. Les fjellvettreglane og råd om vêr i fjellet.
Yr.no kollapsa
Folk flest er tydelegvis interesserte i å få med seg vêrvarselet for påskehelga. Anders Hofset, fungerande redaktør av nettsidene, kan fortelje at det var sett besøksrekord på yr.no allereie veka før påske. Talet på besøkande var då 1.396.819. Det er seks prosent betre enn den førre rekorden, som vart sett i juli 2008. Måndag var det fleire som hadde problem med sida fordi pågangen var for stor. No skal problema vere i orden att.