Passar påsketrafikken

GRETHE H. RAVN For 15. året på rad er det aksjon ved Knapphus i Vats […]

GRETHE H. RAVN

For 15. året på rad er det aksjon ved Knapphus i Vats i regi av Haugesund Røde Kors. Aksjonen går ut på å gjere påsketrafikantane merksame på å køyre varsamt i trafikken.
Mange opplever at trafikken ofte går svært seint gjennom heile høgtida, og ofte ser ein at ulukker skjer som følgje av dette.
Korpsleiar Roy Worum fortel at alle dei møter på får ei gul rose med følgjande oppmoding: «Køyr forsiktig – nokon er glad i deg». I tillegg får alle informasjon og eit brettspel. Dei fleste er positive til aksjonen, og mange synest også det er kjekt at det er gratis.
Rune Lønndalen frå Stavanger var på veg til Sauda med familien sin på fem. Han synest det var ein flott måte å få fram bodskapen på, gjennom ein slik aksjon.