Raunes i departementet

Jon Edvardsen Møtet blir på komande torsdag i regjeringskvartalet i Oslo der Bergsvåg skal møte […]

Jon Edvardsen

Møtet blir på komande torsdag i regjeringskvartalet i Oslo der Bergsvåg skal møte statssekretær Heidi Sørensen (SV) i Miljøverndepartementet. Vindafjord-ordføraren meiner det er viktig at ein kommune som er blitt arena for miljøopprydding etter oljeeventyret i Nordsjøen, deler erfaringane sine med politisk leiing for miljøspørsmål på nasjonalt nivå.
Han seier Raunes har blitt ei krevjande sak for kommunen etter at politikarane med høg sigarføring sa ja til etableringa i 2004.
Bekymring for miljøet har to gonger vore sak i spørjetimen i Stortinget, og både helseminister Bjarne Håkon Hansen og miljøvernminister Erik Solheim er blitt oppfordra til å gripe fatt i saka.

Parkere diskusjonen
Bergsvåg meiner Vindafjord kommune blir skyteskive for påstandar om miljøskandale og kryssande interesser i Vatsfjorden, der mellom andre fiskeriorganisasjonane og lokalbefolkninga er uroa for framtida. Han hevdar det er feil å henge ut kommunen når det er andre som har ansvaret for miljøstandarden her i landet
Ordføraren seier han ikkje direkte er ute etter garantiar frå politisk ansvarleg hald på miljøområdet, men heller å få ryggdekning for at lover og reglar blir følgde og er gode nok.
— Å rydde opp i Nordsjøen er eit nasjonalt ansvar og det er på tide å parkere diskusjonen om det som skjer med opphogginga av installasjonar på Raunes, er sikkert eller ikkje. Det er ikkje kommunen sitt ansvar å rydde opp i desse påstandane. Dette vil eg høyre departementet sitt syn på, seier han.
— Ein kan ikkje vite kva som blir utfallet om 30 år, men på same måte som ein har reglar og rutinar for trafikken ein aksepterer, må ein kunne etablere reglar for denne miljøoppryddinga som ein kan slå seg til ro med.

Tysvær stiller spørsmål
Fiskarar og hyttefolk i Tysvær er også skeptiske til det som skjer med handtering av miljøfarleg avfall i bakgarden i Vats. Toppleiinga i Tysvær kommune har difor stilt spørsmål til kollegaene i Vindafjord for å få informasjon om det som skjer.
— Når det er meir eller mindre sanningar som kjem fram, er det nyttig at leiinga i Tysvær får informasjon direkte. Difor er dei inviterte til å vere med i kontaktutvalet som diskuterer det som skjer på Raunes, og er i direkte dialog med AF Decom, seier Bergsvåg.
Formannskapet i Vindafjord hadde ingen innvendingar til den nye utsleppssøknaden frå AF Decom der arealet med avrenning gjennom reinseanlegg blir utvida frå 60 dekar til 165 dekar. Grensene for utslepp av tungmetall blir derimot ikkje endra.