Store skogsverdiar klar for hogst

Kari Aakra Det er tømmeret frå eit omfattande hogstmodent område på sørsida av Stordalsvatnet som […]

Kari Aakra

Det er tømmeret frå eit omfattande hogstmodent område på sørsida av Stordalsvatnet som snart kan få veg ut til marknaden. Den kommunale vegen frå Lurasund til Kvamen har til nå ikkje vore i stand til å tåla tømmertransport av slikt omfang, men med tiltakspengar vil vegen truleg få oppgradering.
Det blir nå arbeidd med kartlegging av oppjusteringstiltak og kostnadsoverslag i desse dagar, då Etne kommune vil prioritera vegen gjennom potten frå tiltakspakken frå i vår. Grunneigarar John Magne Skaar har vore klar for tømmerhogst lenge, og ventar utålmodig på betre veg for transporten.
— Eg har stått parat i mange år, og har planar om å starta med kjøtproduksjon på garden. Difor må eg få bort både gran- og lauvskog. Til nå har vegen hit sett stansar for dette, men eg står klar til å ringja etter hogstmaskin så snart det blir mogleg å frakta ut tømmeret, seier Skaar.

Gull i grøne skogar
— Trea står i kø, men vegen som ikkje vil tåla den store lasta herifrå, har sett ein stansar for hogsten. Me har berre frakta ut små lass med traktor, og det vil ikkje nytta med desse mengdene, seier Skaar.
Han har til saman 450 mål skog på eigedomen på Håheim, mykje av det er lauvskog, men ein stor del av arealet er granskog, som han håpar å frakta ut som tømmer, om vegen blir oppgradert.  
Til saman eig han og grunneigarar Torleif Sande og Eivind Vik over 600 mål granskog inn mot Håheim ved Stordalsvatnet. Om ikkje lenge vil heile området vera hogstmodent, og dersom den kommunale vegen inn til eigedommane blir opprusta, får dei tre grunneigarane moglegheita til å frakta ut samanlagt omlag 30.000 kubikk tømmer, og eit samarbeid om større tømmeruttak i løpet av ein tiårs periode er aktuelt for grunneigarane.

Store verdiar
Eivind Lien i skogeigarlaget Vestskog BA, meiner det i Etne kommune er nærare 50.000 kubikk granskog som snart er hogstmoden, men som grunna dårlege vegar ikkje har høve til å bli frakta ut på marknaden.
Desse unytta ressursane har ein verdi på over 15 millionar kroner med dei nåverande prisane.
— Etterkvart som skogane nå byrjar å bli hogstmodne, veks potensialet for fullt rundt omkring. Og området innover mot Håheim, i tillegg til område på Osnes, har for vår del vore det viktigaste å arbeida fram. Transporten av tømmeret vil føra til hundrevis av lass på vegen, noko den ikkje er har vore i stand til å tåla til nå, seier Lien.

Variabelt
I tillegg til området i Stordalen er det betydelege mengder tømmer fleire stader i kommunen. Likevel er leiar i Etne skogeigarlag, John Magne Seljelid, overraska over kor stort omfang det eigentleg finnest i kommunen.  
— Dei siste åra har det vore variabelt med uttak av tømmer i Etne. Men etter at skogeigarlaget har arrangert såkalla skogdagar, trur eg fleire har fått augo opp for verdiane i skogeigedomane sine.
Dessutan er det eit avgrensa tal medlemmer i laget vårt, og det er fleire grunneigarar med slikt potensial. Likevel hadde eg aldri tenkt over kor store verdiar det eigentleg var snakk om i Etne, fortel Seljelid.

nett_29-09-tømmer 3_cropped.jpg

Svingingar
Til samanlikning med dei omlag 50.000 kubikkmetrane som i løpet av dei komande åra er klare for hogst, blei det tatt ut totalt 330 kubikk tømmer i kommunen i 2008. I 2007 var totaluttaket 3.114 kubikk, i 2006 2.896, og i 2005 8.687 kubikk. Skogeigarlaget jobbar for betre tilrettelegging for å ta ut skog planta 50-60 år tilbake, noko som kan utgjera ein betydeleg del av det tottale uttaket i regionen.
— Svingingane i tala på uttaket er mykje avhengig av kva tid skogsentreprenørane har arbeidd her. Men dei 50.000 kubikkane ein nå reknar med vil vera klart for hogst i Etne, kan per i dag utgjera ein tredjedel av årsomsetnaden i Vestskog, poengterer Seljelid.