Strikkhopping i det blå

Arne Frøkedal Etter å ha blitt stansa like før fjorårets godkjente prøvesesong frå Trolljuv bru […]

Arne Frøkedal

Etter å ha blitt stansa like før fjorårets godkjente prøvesesong frå Trolljuv bru i Åkrafjorden, tyda klare politiske signal i etterkant på ei opning i år. Men i Samferdselsdepartementet er det langt frå ei avklaring.
— Dette føyer seg inn i rekkja av vonbrot frå departementet si side, uttaler tromsøværingen Petter Kvalsvik i Midnight Sun Bungee Team til Grannar.

— Meir komplisert
Statssekretær Geir Pollestad (Sp) som handterer saka, uttalte til Grannar i november at departementet var i sluttfasen med eit forslag som kunne opna for strikkhopping på riksvegnetet med visse avgrensingar. Like før jul skulda Pollestad på stort arbeidspress då han blei konfrontert med at saka drog ut.
Dei nyaste signala frå departementet er at det er langt fram til ei løysing.
— Arbeidet med å vurdera retningslinjer for strikkhopping på det statlege vegnettet viser seg å vera meir komplisert enn først trudd, svarer saksebehandlar Jan Reidar Onshus i eit e-postsvar til Petter Kvalsvik.

Veit ikkje når
Saksbehandlaren i Samferdselsdepartementet opplyser at spørsmål om budsjetthandtering, ansvarsforhold, trafikkforhold og saksbehandlingsrutinar må utgreiast. Dette berører fleire styresmakter, blant anna politi.
Onshus kan dermed ikkje gi noko svar på kor lang tid det vil ta, men understrekar at saka må ha ei grundig vurdering.
— I første omgang reknar me med å  be Vegdirektoratet utforma eit førsteutkast til retningslinjer i samråd med andre berørte styresmakter. Den prosessen er i gang, skriv saksbehandlaren.

Prøveordning
Petter Kvalsvik stiller seg heilt uforståande til den store prosessen departementet nå legg opp til.
— Me er nå i slutten av april og sesongen skulle alt vore i gang. At ting ikkje nå på er på plass, gir ein alvorleg situasjon for oss. Me hadde ei løysing for Trolljuv bru, og vil signera på at me tar alt ansvar, kan varsla og ha fortløpande dialog med politiet lokalt, samt handtera trafikk og andre praktiske ting, seier 42-åringen.
Han meiner strikkfloken kan løysast fornuftig for alle partar med å opna for ei prøveordning på Trolljuv bru og gamle Svinesund bru. Erfaringane frå ein pilotsesong i Åkrafjorden kan inngå i eit meir omfattande regelverk, meiner Kvalsvik.
Grannar har prøvd å få  kommentar frå statssekretær Geir Pollestad både via e-post og telefon, utan å lukkast.