Trefte straummasta med møk

Det lynte og smalt i Litledalen i går ettermiddag. Ein person som spreidde møk i […]

Det lynte og smalt i Litledalen i går ettermiddag. Ein person som spreidde møk i Litledalen i Etne, hadde hatt vanskar med traktoren og treft ei 60 volt-straummast med møkstråla.  Personen fekk ikkje skadar etter hendinga, men i følgje vitne small det kraftig og det kom større stikkflammer ut frå masta.

Alarmen gjekk også i driftsavdelinga hjå Haugaland Kraft. Der fekk dei fekk varsling om at uhellet med straumlinja var på grensa av det tolerante, men kan opplysa om at det fekk ingen vidare konsekvensar for linja.