Usemje om fotballreglar

Kari Aakra Styret i fotballgruppa endra køyrereglane for trenarar i ungdomsfotballen for å moderera topping […]

Kari Aakra

Styret i fotballgruppa endra køyrereglane for trenarar i ungdomsfotballen for å moderera topping av laga for spelarar i alderen 13 til 15 år. I dei nye reglane heiter det at speletida skal vera tilnærma lik for alle spelarar og vurderast utifrå oppmøte. Der fotballaga tidlegare har hatt høve til å låna spelarar til laga over, skal denne hospiteringa etter regelendringane hovudsakleg gå føre seg dersom det manglar spelarar på eit lag, og skal vera ei sak mellom trenarar og føresette.
Trenar for smågutelaget ´95, Sveinar Kringlebotten, valde i førre veke å trekkja seg i protest mot dei to nye punkta i køyrereglane, men ønskjer ikkje å kommentera saka etter først å ha blitt intervjua av Grannar.  

Krev endring
I fjor blei det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle jobba fram køyrereglane for barne- og ungdomsfotballen i Etne. På årsmøtet blei det fremja forslag om dei to nye punkta, som nå har ført til konflikt mellom styret og nokre foreldre og trenaren. Punkta har sidan blitt noko modererte, men  nokre foreldre krev likevel punkta fjerna. Leiar i fotballstyret i Etne IL, Jarle Teigland seier at reglane vil stå fast, og meiner dei vil styrka fotballmiljøet i bygda.
—  Med ny krøllgrasbane, ny idrettshall, ny ballbinge og opprusting av stadion i vente har me ei aktiv tid framføre oss. Difor er det viktig å styrka idrettsmiljøet. Med desse regelendringane vil me inkludera fleire og sikra idrettsgleda hjå borna. Det er dei me er her for, poengterer Teigland, som seier han har fått mange tilbakemeldingar på at dei nye køyrereglane var kjærkomne hjå både foreldre og spelarar.
— Dette har vore eit betent område, og folk har kanskje ikkje våga å seia frå om toppingsproblematikken tidlegare.  

Kan ikkje samanliknast
Om dei beste på laget føler dei treng meir trening, lovar Teigland at fotballeiinga skal sikra dei dette, og at dei skal ivareta talenta på best mogleg måte for framtida. Men spelarane som ikkje er like langt utvikla må også ha moglegheita på lik linje med dei beste.
— Dei som i dag gjerne sit mest på benken, kan vera blant dei beste til neste år. Talenta på laget er allereie med på sone- og kretslag, og blir ivaretatt her. Dei vil alltid ha moglegheiter, seier Teigland.
Noreg Fotballforbund sine reglar avgrensar toppinga til spelarar ved seks til tolv år. Mange idrettsklubbar vel å toppa laga med eldre spelarar.  Likevel meiner Teigland at Etne ikkje kan samanliknast med fotballpraksis andre stader. Han seier det ifølgje Norges Fotballforbund er opp til kvar enkelt klubb korleis dei vil handtera dette.
— I ein klubb som Etne er spelarane prisgitte eitt lag. I byane finnest det fleire lag, nokre av dei toppar, andre ikkje. Tilboda og moglegheitene her er fleire enn i Etne, seier fotballeiaren.