Under kulturmønstringa i helga vart det søndag ettermiddag klart at dei to lokale Etne-deltakarane hadde vunne eit stipend på 2.500 kroner.
— Dette kjendes veldig bra, men eg vart svært overraska, sa Knut Flatebø (11), på telefon frå Bergen søndag ettermiddag.
Saman med søstera hadde han laga naturfilmen «Vinterdag i Skogen».
— Først spelte me musikken inn i lydstudio, og etterpå la me til video, fortalde Knut Flatebø.
Filmmusikken er eigenkomponert, og varer i omlag halvtanna minutt. Konkurransen er delt inn i fleire ulike sjangrar, og berre ein deltakar frå kvar sjanger får gå vidare til landsmønstringa Trondheim.
— Me gjekk ikkje vidare, men det vart delt ut tre stipend fordelt på alle sjangrane, og ett av desse fekk me, seier Margit Flatebø.
Vegard Øyfoss var svært nøgd med deltakarane frå Etne denne gongen.
— Alle deltakarane har løfta seg frå kommunemønstringa i februar, seier musikklæraren i Etne.