Ber om tips

Sundag kveld blei Haugaland og Sunnhordland politidistrikt varsla om skadeverk på Vaka grendehus i Ølensvåg. […]

Publisert Sist oppdatert

Sundag kveld blei Haugaland og Sunnhordland politidistrikt varsla om skadeverk på Vaka grendehus i Ølensvåg. Det hadde gått ut over ei nymontert varmepumpe. Det viste seg at nokon nærast hadde knust pumpa til ein verdi av 14.000 kroner, med ein stein.

Skadeverket har truleg skjedd i løpet av dei siste dagane. Den som har tips i saka kan melda frå til Vindafjord lensmannskontor.

Powered by Labrador CMS