Butikk på ti dagar

Jon Edvardsen Butikken er nummer 179 i Europris-familien, som har 200 som det første målet […]

Jon Edvardsen

Butikken er nummer 179 i Europris-familien, som har 200 som det første målet på butikkartet her i landet. Det er også omlandet til Vindafjord og sentral plassering nær E134, som har gjort det interessant å etablere butikk i Ølensvåg, i følgje distriktssjef Sølve Fosse i Europris.
Dei nærmaste butikkane er i Odda, Karmøy, og Haugesund der det i tillegg til ein ordinær butikk også er ein Europris Pluss på Raglamyr. Kjeda omsette for 2,85 milliardar på landsbasis i 2008.

Mobilt kundegrunnlag
Butikksjef Janne Monika Krakk (39) frå Vats kan sjå tilbake på ei travel veke med å få varene på plass i den nye butikken. Ho har mellom anna arbeidd på Mega i Ølen og Posten. I går var ho klar til å ta imot kundar i den nye butikken etter ein hektisk innspurt på ti dagar.
— Eg trur butikken blir midt i blinken her i distriktet. Kundane vil kome frå andre stader enn Vindafjord også. Det er trafikk forbi som eg trur  vil stoppe opp her. Folk er veldig mobile i dag, seier Krakk.
Ho har med seg fem andre fast tilsette i butikken, pluss at dei skal ha skuleelevar og andre på deltid, spesielt om ettermiddagen og på kveldstid.
— All erfaring er at vi blir godt mottatt. Difor blir det stadig fleire butikkar. Før vi set i gang ei nyetablering vurderer ei eiga gruppe i Europris om kundegrunnlaget er stort nok til eit leveleg grunnlag, seier Fosse.

«Non-food»
Med ein del unntak er Europris eit konsept utan matvarer, men som likevel har ein del av utvalet ein også finn i daglegvarebutikkar. I Ølensvåg er Kiwi i nabolaget til den nye butikken, men distriktssjef Fosse trur ikkje det blir noko ulempe for daglegvarebutikken.
— Vi er ikkje ein konkurrent til daglegvarebutikkar. Det er fleire døme på at Europris og Rema 1000 etablerer seg i det same nybygget. Tanken er at ein utfyller kvarandre. Samlokalisering aukar handel for begge, seier Fosse.
Ølen Eiendomsutvikling AS på Karmøy er eigar av nybygget i Ølensvåg som Europris leiger. Eigedomsselskapet var først på tomtejakt i Ølen, men lukkast ikkje. Difor fall valet på Ølensvåg.

Mange søknader
Butikksjef Janne Monika Krakk opplyser at dei fekk mange søknader til jobbane i Ølensvåg. Europris lar seg ikkje skremme av nedkjøling i økonomien, og butikken i Ølensvåg er den fjerde som blir opna på kort tid.
— Sist renta gjekk opp, fekk vi støre tilstrøyming til butikkane. Vi er eit alternativ på pris og kvalitet. Difor opplever vi ikkje tilbakegang, seier Fosse.
Den største kundegruppa i Europris er i spennet 30-40-åra, der interessa for hus, hage og verktøy er stor.
Lokalet i Ølensvåg er 1.180 kvadratmeter der 1.000 er sjølve butikken. Den ideelle er 11-12.000 kvadratmeter for å stille ut varene på ein god måte, opplyser Fosse.