Fann langvegsfarande gjest

Arne Frøkedal Den gule badeanda blei funnen av Barbro Vanvik i Stavanger under eit besøk […]

Arne Frøkedal

Den gule badeanda blei funnen av Barbro Vanvik i Stavanger under eit besøk i Sandeid 24. mai. Opplysningar på gjenstanden (stempel «World Record Duck Race») og ein sjekk på internett, viser at den blei sloppe ut i Dublin River Liffey i 2006.
På nettsida til Children’s Lifeline Duck Race går det fram at 150.000 spesialdesigna platikkender blei sett ut på elva i det som blei ein verdsrekord.

— Eg fann anda på holmen på Moljå i Vestbø. 
Imponerande er det at den har segla over Nordsjøen, like frå Dublin, og brukt tre år på overfarten. Kva har den ikkje opplevd og sett? undrast Barbro Vanvik.

Ho lurer på kva veg anda har reist. 
Kanskje sørover og inn i den engelske kanal, før den svinga nordover og inn i Rogaland, til Sandeid? 
Eller drog den nordover Irskesjøen via Hebridene og Orknøyene og surfa seg inn i Rogaland på vestavindsbølgjer? 

— Ja, det er det vel berre anda sjølv som kan fortelja, men det er taus om den saken.

Kanskje den ville ta opp igjen tradisjonane, for det var jo igjennom Sandeid til Ølen båtene blei trekt i «gamal tid». Så ein kan jo ikkje sjå bort i frå at ein eller annen irske har dratt den vegen før.