Fryktar skrapi

Sauesjukdommen skrapi er i denne veka påvist på ein gard på Karmøy, og no er […]

Sauesjukdommen skrapi er i denne veka påvist på ein gard på Karmøy, og no er det frykt for at sjukdommen kan vere spreidd til andre bruk. 240 sauer og ca. 340 lam må slaktast i løpet av kort tid.

Frå den ramma besetninga har det vore eit omfattande livdyrsal, hovudsakleg på Haugalandet. Veterinær Olav Tørresdal i Mattilsynet opplyser til Grannar at dei no kartlegg kvar dyra er komne.

— Det er for tidleg å seie noko endå, men det er stor sjanse for at det er seld sauer frå denne besetninga til Vindafjord og Etne, seier Tørresdal.

Alle dyreeigarar som har kjøpt værlam frå den smitta buskapen får ikkje selgja dyr vidare dei neste fem åra.  Utover dette blir det ingen restriksjonar på andre buskapar, melder Mattilsynet.

Truleg gjeld dette mellom 100 og 150 buskapar på Haugalandet. For dei som har kjøpt hodyr frå buskapen kan konsekvensane bli verre.
— Dette gjeld nå tre buskapar. Dei får ikkje senda sauene til fjellbeite dei neste fem åra. Ein av dei vurderer å slakta heile buskapen og kjøpa inn ny, seier Tørresdal.