Hevdar seg i sykkelsporten

  Anita Haugland I helga fekk Lars Granberg, som representerer Vindafjord sykkelklub, tredje plass i […]

Anita Haugland

I helga fekk Lars Granberg, som representerer Vindafjord sykkelklub, tredje plass i Noregscupen i terrengsykling. Espen Nordtveit (17) frå Imsland syklar for Stegaberg sykkelklubb, og fekk gode plasseringar i Noregscupen for junior. Han sikra seg andre plass på fellesstarten og blei nummer fire samanlagt i landevegssykling.
— Eg er kjempenøgd med plasseringa, seier Nordtveit.
Resultata førte til omlag 300 Noregscup-poeng, og dermed er han så godt som kvalifisert til NM i gateritt seinare i sommar. Denne konkurransen blir arrangert i Stavanger, som er hovudmålet for sesongen.
— Det er berre dei 60 beste juniorane i landet som får vere med, men eg satsar på at eg har klart kvalifiseringa no, seier imslandsbuen.

Landevegssyklisten
— Dette gjekk over all forventning, seier Lars Granberg om innsatsen i Stavanger.
Til helga skal terrengsyklisten konkurrere vidare i Noregscupen, og denne gongen er arrangementet lagt til Drammen. I slutten av juni skal han ta del i eit seksdagars ritt i terrengsykling frå Trondheim til Oslo.
— Dette rittet vart arrangert for første gong i fjor, og dei fleste syklar to og to, opplyser ølensbuen.
Sjølv skal han sykle aleine.
— Det er litt tyngre, men eg tykkjer det er betre å sykle individuelt, seier Granberg.

Ambisjonar
Til saman er det omlag 200 deltakarar i konkurransen, men det er uvisst kor mange som konkurrerer i den individuelle klassen.
— Det er farleg å uttale seg om målsetjingar før eg har sett startlista, men det beste hadde vore ei pallplassering, seier 23-åringen.
Til hausten skal han flytte til Oslo, og han håpar at han klarer å kombinere studiar med sykling.
— Eg får nok ikkje veldig god råd, men eg får prøve å få litt sponsorar dersom eg gjer det bra denne sesongen, seier syklisten. 

Uheldig stortalent

Dei beste landevegssyklistane i Noreg reiste til Danmark for å delta på eit nordisk sykkelritt i helga som var. Sondre Asheim (16) frå Sandeid som syklar for Stavanger sykkelklubb, var ein av dei.
— Me konkurrerte mot lag frå Sverige, Danmark og Noreg, seier Asheim.
Sjølv om laget plasserte seg godt, var den unge syklisten litt uheldig med eigen innsats.
—Den første dagen køyrde eg tempo. Seinare på dagen tryna eg og forstua handa, seier sandeidsbuen.
16-åringen har fått sytadfesta at handa ikkje blei broten.
— Turen til Danmark var uheldig, men det var eit stort ritt, og kjekt å vera med, fortel Asheim