I grøfta etter forbikøyring

Uhellet skjedde ved forbikøyring på Rv 514 i Øvre Vats. Den eine bilen hamna i […]

Uhellet skjedde ved forbikøyring på Rv 514 i Øvre Vats. Den eine bilen hamna i grøfta, og den 33 år gamle føraren av bilen blei frakta til sjukehus med lettare skade.
Føraren av den andre bilen kom uskadd frå ulykka, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Tjuveri av bil
Politiet melder også om eit biltjuveri i Vindafjord. I løpet av natt til laurdag blei ein  grøn Volvo S40 med kjennemerke SD 26471 stole frå ein  garasje på Frønsdal i Ølen.