Noreg Bank vedtok onsdag å setja ned styringsrenta med 0,5 prosentpoeng til 1,5 prosent. Dette er det lågaste nivået i nasjonalbanken si nesten 200 år gamle historie.
Sist gong renta var på botnnivå var for tre år sidan då styringsrenta i ein periode var på 1,75 prosentpoeng.
Rentekuttet er det sjette sidan oktober i fjor. Den dramatiske nedgangen skuldast ein svært uroleg internasjonal finansmarknad.
Dermed er det berre å venta på at banken din fylgjer Norges Bank og set ned renta.
SEI DI MEINING