Berre vel fem timar etter at ein trailer velta i Ølen sentrum, var den sterkt trafikkerte stamvegen utsett for nok ei trafikkulykke. Ved Grønstad, aust for Etne sentrum, køyrde ein trailer utfor vegen. Heldigvis gjekk det bra med sjåførane.
— Ingen personar kom til skade, opplyser operasjonsleiar Terje Tonning ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Grannar.
Ulykka skjedde då to trailerar møttest. Køyretøyet som kom frå vest, kom ut av vegbanen og la seg over på sida. Staden ligg noko aust for den gamle Grønstad skule.
Vogntoget som velta er utanlandsk registrert og var på veg austover. Det er fri ferdsel på staden og berginga av semitraileren vil ikkje skje før til natta, opplyser politiet.