Nytt kryss Ølen – Sandeid

Kari Aakra Vegdirektoratet la i dag fram handlingsprogrammet for midlane frå  Nasjonal Transportplan (NTP) for […]

Kari Aakra

Vegdirektoratet la i dag fram handlingsprogrammet for midlane frå  Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2010-2013. Vindafjord kommune får med dette midlar til svært oppgraderingstrengde vegstrekningar.

Til det ulukkesbelasta krysset i Ølen sentrum frå E 134 til riksveg 514 mot Sandeid er det løyvd 8,2 millionar kroner. Reguleringsplanane er under arbeid og byggjestart er sett til 2011, fortel distriktssjef i vegvesenet for Haugaland og Sunnhordland, Astrid Eide.

— Det har vore eit registrert behov for utbetring av krysset lenge. Og det er ikkje berre snakk om trailerulukkene, men også ei rekkje andre ulukker gjennom åra. Me har hatt dette krysset på programmet lenge, seier Eide.

4.august i fjor omkom sjåføren då traileren hans ikkje klarte svingen i den ulukkesbelasta krysset frå Sandeid då han var på veg til Fatland slakteri.
For to veker sidan velta ein semitrailer då han ikkje klarte svingen frå europavegen opp mot Sandeid. Til all lukke kom ingen hardt til skade.

Det har lenge vore diskusjonar om utbetring av krysset, medan midlane ikkje har vore til stades, før nå.
— Reguleringsplanane for krysset er for gamle, og me må setja i gang med nye nå. Men me veit enno ikkje kva løysing det vil bli på krysset, seier Eide.

Vindafjord kommune får endå sårt trengde løyvingar til gang- og sykkelsti mellom Ølen og Ølensvåg. Nærare 25 millionar kroner er sett av til strekninga, og oppstart av bygginga er sett til 2013. Også her er reguleringsplanane for gamle og må oppjusterast før byggjestart.

Etne kommune og flaskehalsen frå Håland til Lauareid i Stordalen fekk innpass i Nasjonal Transportplan tidlegare i år. I handlingsprogrammet frå Vegdirektoratet er oppstart av bygginga sett til 2011. Elles drypp det enno nokre kroner til E 134 i Etne kommune, då det er sett av midlar til nytt rekkverk på brua ved Håfoss.