Ein mann i 50-åra mista i ettermiddag kontroll over bilen sin på Hogganviksletta i Vikedal. Bilen køyrde først i grøfta, og hamna på taket då bilføraren vrengte han opp att på vegen.
Bilføraren køyrde utan førarkort i ein bil med utgåtte prøvekøyremerke, og politiet mistenker han for å ha køyrd i påverka tilstand.
— Mannen kom i frå det med svært lette skader, men bilen er ikkje lengre køyrbar, seier operasjonsleiar Agnar Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.