AF Decom gjekk til sak for å krevja at Raunes Fiskefarm skulle flytta resterande delar av ein fiskemerd for å gje plass til akerfeste ved mottaksanlegget. I går gav retten fiskefarmen medhald i saka og AF Decom må betala sakskostnadane på 150.000 kroner.
Det er lite tvilsomt at AF Decom kjende til at fiskefarmen dreiv konsesjonspliktig verksemd, og at flytting av sjøanlegget var avhengig av ny løyve frå Fiskeridirektoratet, heiter det i dommen.
Retten peikar også på at AF Decom burde tatt høgde for denne situasjonen på eit tidlegare tidspunkt. Mottaksanlegget burde for lenge sidan ha innsett behovet for fortøyingsstad og slepefartøy, og retten stiller seg tvilsame til at dette behovet kom som ei overrasking i 2009. Raunes Fiskefarm burde blitt nøye informerte om desse behova tidlegare, då mykje tyder på at dei praktiske sidene ved mottaket av installasjonar hjå AF Decom er blitt planlagt i mange år.
I dommen vurderer retten at både Vindafjord kommune og AF Decom har forsøkt å unngå vanskelege sider ved utviklinga hjå Raunes Fiskefarm.
— Det er påfallande at AF Decom verkar å ha villa undereksponera problema med samlokaliseringa av dei to selskapa, tatt i betraktning at det nå blir hevda at Raunes Fiskefarm i praksis ikkje har rettar på Raunes, heiter det i vurderinga.
Heller ikkje Vindafjord kommune si forvalting av områda ved Raunes går fritt. Sidan fiskefarmen har fått høve til å etablera seg på Raunes, kan ikkje Vindafjord kommune fritt disponera området utan omsyn til rettane fiskefarmen har fått. Kommunen si prioritering av AF si etablering er difor ikkje av rettsleg betydning.