Skattemotstandar blir skattesjef

  Jon Edvardsen Det normale er at den politiske skattenemnda i Vindafjord får jobben med […]

Jon Edvardsen

Det normale er at den politiske skattenemnda i Vindafjord får jobben med å styre takseringsarbeidet for skatten. Frp-politikaren blir dermed ein av frontfigurane i det praktiske arbeidet med å innføre eigedomsskatt han meiner er ein uting.
— Eg vart valt inn i skattenemnda mot min vilje, og det seier kva eg meiner om å måtte ta denne jobben. Det kunne eg godt vere for utan. Det blir snakk om å gjere ein jobb ut frå dei retningslinjene som blir vedtatt politisk. Eg vil arbeide for at huseigarane blir minst mogleg skadelidande og at takseringa blir rettferdig, seier Terje Halleland.

På galeien
Han vil arbeide lojalt etter det som blir vedtatt, men fram til det punktet vil Frp-politikaren kjempe for at skatten skal bli til å leve med. Aller helst vil han bli kvitt heile skatten som vart vedtatt mot Høgre og Frp sine stemmer. Men fleirtalskoalisjonen har bestemt seg for at skatt på bustader skal det bli.
Halleland ser på eigedomsskatten som ein galei der politikarane heile tida blir freista til å auke skattetrykket når det er mangel på pengar.
For eit hus som er taksert til 2 millionar kroner, kan kommunen maksimalt ta 14.000 kroner i eigedomsskatt i året dersom politikarane vil det.
— I staden for å ordne opp i økonomien blir eigedomsskatt ei sovepute der ein stadig kan auke inntektene. Ein tar ikkje skikkeleg tak i problema, men brukar heller eigedomsskatten som mjølkeku. Difor er eg redd for at skattetrykket berre vil auke, seier Frp-politikaren.

Folk flest
Sentralbanksjef Svein Gjedrem meiner kommunane bør innføre eigedomsskatt, og fylkesmennene har riset bak spegelen og vil ikkje hjelpe kommunar som er i naud, men som ikkje har innført skatten. Og i følgje Huseiernes landsforbund har talet på kommunar med eigedomsskatt auka frå 142 i 2007 til 166 i dag; 33 har innført skatten og 9 avvikla den, med Bergen som den siste.
— Det er viktig med taksering og frådrag som gir ein skatt som er rimeleg for folk. Det er sagt at det skal bli eit snitt på 1.500 kroner, men ein veit enno ikkje kva fleirtalet vil bestemme seg for. Det avgjerande er kva skatt ein må betale for eit vanleg hus med ein omsetningsverdi på 2-3 millionar. Det er dei fleste skatteytarane. Både takst og botnfrådrag må føre til eit rimeleg beløp for folk, seier Hallelland.

Skjerme ungdom

Ei anna kampsak han har når skatten først er vedtatt, er at ungdom i etableringsfasen skal sleppe eigedomsskatt i ti år. I forslaget frå administrasjonen er det ingen slik unntak.
— Det er viktig at unge som byggjer nytt hus må sleppe skatten i ein periode. Det er viktig å tenkje på at nokon skal bu saman med oss også, seier Halleland.
Motargumentet er at det er arbeidskrevjande for kommunen å føre ein slik oversikt.
Frp-politikaren er samd i at systemet må vere enklast mogleg, men unntaket for yngre som  etablerer seg med hus, må kommunen ha råd til.

Politikarane avgjer skattetrykk

Mild skattebyrde, eller å flå skatteytarane mest mogleg. Det er spennet lokalpolitikarane bestemmer når eigedomsskatten blir innført.

Dersom huset ditt blir taksert til 2 millionar kroner, kan politikarane skattleggje det i spennet frå  4.000 og 14.000 kroner dersom ein måler det berre ut frå det variable skatteøret mellom 2 og 7 promille. Tilsvarande for ein halv million i takst, er frå 1.000 til 3.500 kroner.
Men både skattepromillen og reglane for utskriving av skatt, med andre ord kor grådige politikarane er, får stor betydning for kor høg eigedomsskatten blir i Vindafjord når den vedtatte eigedomsskatten blir innført i 2010.

Kan regulere
Vindafjord kan starte på den høgaste satsen på 7 promille om dei vil, sidan det er snakk om utviding av eigedomsskatten som i dag gjeld verk og bruk.
I tillegg til skattepromillen, kan ein regulere skatten gjennom å redusere takst med ein viss faktor, og å innføre botnfrådrag. Frådrag og promille kan politikarane bestemme kvart år i budsjettet, med reduksjon av taksten følgjer taksten som varer i ti år.
Men frådraga kan ikkje vere så store at nokon slepp å betale skatt.
Det blir først i budsjettet for 2010 at det blir klart kva for skattetrykk politikarane vil gi eigedomsskatten.

Potensial
Her er det Vindafjord hente inn i skatt alt etter kva vedtekter og skattesats politikarane bestemmer seg for (tal laga i 2006). Totalt sett kan inntektspotensialet vere minst mellom 8,9 og nærmare 20 millionar kroner i året.

Bustadhus: Potensialet varierer frå 4,5  til 9 millionar kroner i året.

Hytter: 2 til 4 millionar kroner med same snitt som for bustadhus.

Annan eigedom: Naust, tomter, garasjar o.l med eigne gards- og bruksnummer.  Frå 1 til 2 millionar kroner der kommunen har kalkulert med 1.000 slike eigedommar.

Forretningsbygningar: Det er alle næringsbygningar som ikkje er skattlagde gjennom lovverket for verk og bruk. Kan variere frå 1,4 til 2,8 millionar kroner, alt etter skattetrykket.