Ved midnatt starta fiskesesongen i Etneelva, og rifta etter fiskedøger har toppa seg i år.
— Det var bra sal i fjor, men i år har det vore større etterspurnad enn nokon gong. Me selde ut alle fiskedøgera i våre tre sonar i løpet av mars månad, fortel leiar i Etne Jeger- og Fiskerforening, Jan Vinje.
Etnevassdraget har klart seg godt i forhold til mange andre elvar som har lidd med stor nedgang i bestandane. Avgrensingane på fisket i mange elvar har ført til ekstra etterspurnad i Etne trur Vinje. Han er svært spent på korleis sesongen vil bli i år.
— Det blir ein utruleg spanande sesong i år. Me er noko bekymra, men svært spente, seier Vinje.
Tips Grannar om fiskefangsten eller send oss bilete til telefon 975 70 789,
eller på e-post til redaksjon@grannar.no