Streik i private barnehagar

Synne Merete Mæle Regjeringa vil fjerne paragraf 14 i barnehageloven, der det står at «barnehagar […]

Synne Merete Mæle

Regjeringa vil fjerne paragraf 14 i barnehageloven, der det står at «barnehagar skal behandlast likeverdig i forhold til offentlege tilskot». Dei ynskjer å fjerne dei øyremerka statlege midlane til kvar enkelt barnehage, og heller la det vere opp til kvar kommune å fordele tilskota.
— Om forlaget går i gjennom på Stortinget den 2.juni får me meir usikre rammevilkår. Tryggleiken ved  statsstøtta  blir då borte, og me må i staden sloss for kommunale midlar. Det blir dessutan opp til kvar enkelt kommune å avgjera kor mykje dei vil løyva til barnehagane, og dei øyremerka midlane blir borte , seier ein av eigarane av Småfolk barnehage, Anette Lauareid Hovda.   

Over to tusen barnehagar streikar i dag i protest mot regjeringsforslaget. På landsbasis går rundt 120.000 barn i private barnehagar. I Småfolk er det 16 tilsette og 48 barn som i dag går ut i streik.