Strikkhopp i juni

Etter 17 års kamp kom stadfestinga frå Samferdselsdepartementet, som nå gir klarsignal for prøvehopping frå […]

Etter 17 års kamp kom stadfestinga frå Samferdselsdepartementet, som nå gir klarsignal for prøvehopping frå den verna brua på gamlevegen i Åkrafjorden ut dette året. Sjølv karakteriserer Kvalsvik det politiske vedtaket som ein milepæle for denne aktiviteten og for norsk reiselivsstrategi.
— Dette er stort, seier tromsøværingen Petter Kvalsvik i Midnight Sun Bungee Team etter ein tirade av nedturar.

Snart klar
Han ser for seg start på strikkhoppinga alt i løpet av første halvdel av juni. Av formelle avklaringar gjenstår nå ein avtale med distriktsvegsjef Astrid Eide i Haugesund.
— Men nå ser eg ingen hindringar for ein prøvesesong. Og på ein slik dag er det all grunn til å takka Erik Kvalheim og ordførar Sigve Sørheim i Etne kommune, samt Sp-politikar Steinulf Tungvik, Åkrafjorden Oppleving AS og andre gode krefter. Eg har møtt stor velvilje i denne regionen, seier tromsøværingen.
Sidan avklaringa kjem så langt ut i året og Midnight Sun Bungee Team alt har fastlagt ein del av sesongen, vil det ikkje bli kontinuerleg drift på Trolljuv bru i dette prøveåret.

Pollestad
Ordførar Sigve Sørheim (Sp) i Etne kommune mottok tysdag kveld ein tekstmelding frå Geir Pollestad, som for tida er sjef i Samferdselsdepartementet, som han ser på som eit førebels klarsignal. Dagen etter gjekk det brev Vegdirektoratet om saka.
— Me har jobba hardt og lenge for å få dette til, og er svært glade for denne avklaring. Sjølvsagt kunne me ynskt ei løysing tidlegare slik at aktiviteten kunne kome med i brosjyren for det skal skje i Åkrafjorden denne sommaren, seier Sørheim.

Nasjonalt

Petter Kvalsvik har sidan 1992 kjempa for å utøva strikkhoping frå det norske vegnettet, og var i ferd med  starta eit prøvearrangement frå Trolljuv bru i august i fjor. Dagen før hoppinga skulle starta kom det kontrabeskjed frå Vegdirektoratet og hoppinga blei stoppa. Sidan den gong har saka lege som ei varm potet i Samferdselsdepartementet.
Onsdag 20. mai 2009 fekk Vegdirektoratet brevet som opnar for strikkhopping i Åkrafjorden ut år. Seinare vil det bli uarbeidd nasjonale retningslinjer som skal gjelda frå januar 2010.