Til departementet

Kari Aakra Ordførar Arne Bergsvåg i VIndafjord var for to veker sidani møte med statssekretær […]

Kari Aakra

Ordførar Arne Bergsvåg i VIndafjord var for to veker sidani møte med statssekretær Heidi Sørensen i Miljøverndepartementet for å drøfta situasjonen på Raunes. Nå skal den såkalla Miljøgruppa i Vats til departementet for å fortelja si historie.

— Me er inviterte til miljøverndepartementet 26.mai, og vil der stilla for å informera om bakgrunn, historie og status i Raunessaka, heiter det i ei pressemelding frå Osvald Eikanes i Miljøvernforbundet, avdeling Vats/Yrke. 

Miljøgruppa beståande av Raunes Fiskefarm, Tysvær Fiskarlag og Noregs Miljøvernforbund avdeling Vats/Yrke, takka nyleg for seg i samarbeidsforumet med Vindafjord kommune, grendeutvalet i Vats og AF Decom. I eit lesarbrev i Grannar seier AF-motstandarane at det kjenner seg latterleggjorde av politikarane, og førte bak lyset av AF Decom.

— Me har ikkje tillit til AF Decom i det heile tatt. Me vil ikkje sitja i eit såkalla samarbeidsfora der me ikkje har noko så helst innverknad på verken AF Decom eller Vindafjord kommune, og det med utad blir oppfatta som eit miljøalibi for den galskapen som førgår på Raunes, heiter det i skrivet.

— Sjølv om me nå har meldt oss ut av samarbeidsforumet, betyr ikkje det at me gir opp, tvert i mot. Me går vidare, skriv Osvald Eikanes i Miljøvernforbundet Vats til Grannar.