Usikker tunnel blir sprengt bort

Kari Aakra Etter mange års diskusjon om sikring av tunnelen, skal Tungesvik III-tunnelen på vegen […]

Kari Aakra

Etter mange års diskusjon om sikring av tunnelen, skal Tungesvik III-tunnelen på vegen til Skånevik frå Håland sprengjast bort i september. Ved fleire høve er det ropt varsko om lausmassar og steinhagl frå taket i tunnelen som er den tredje tunnelen på vegen til Skånevik. Sigve Håland har i fleire år hatt vintervedlikehald på vegen og slått alarm om den farlege tunnelen. Endeleg kan han pusta letta ut på vegne av dei som til dagleg brukar vegen.
— Eg har skunda meg gjennom tunnelen kvar gong eg køyrer på vegen, og det var på høg tid han blir fjerna. Gjennom åra har eg sett tunnelen bli verre og verre. Det er mykje vatn som pressar på, og når frosten kjem kan det bli svært farleg, meiner Håland.

Sprekker
Dei tre Tungesvik-tunnelane blei bygde på 60-talet og har ikkje innvendig betongvegg. Tungesvik III-tunnelen har lege i systemet hjå Vegvesenet eit par år, og fekk først løyvd midlar til tiltak i vinter. Etter omtale i media i 2007, blei det vurdert å sikra tunnelen mellom anna med boltar eller støyping. Det viste seg derimot å vera vaskeleg å gjera skikkelege sikringstiltak på denne måten, og det blei difor ikkje løyvd pengar til tunnelen den gongen. Den 24 meter lange tunnelen har store langsgåande sprekker på skrå i tunneltaket. Vegvesenet har gjort fleire vurderingar av sikringstiltak, men byggjeleiar Asbjørn Opedal seier det mest optimale er å sprengja tunnelen vekk.
— Det ville vera svært vanskeleg sikra tunnelen utan å gjera store tiltak. Anten måtte me då ta meir av fjellet eller senka vegen. Etter ei totalvurdering fann me at sprenging ville vera det beste, seier Opedal. 
Håland meiner også at Tungesvik I-tunnelen er overmoden for fjerning, då han også her har observert lausmassar. Opedal seier at vegvesenet enno ikkje har vurdert tiltak i denne tunnelen, men ser ikkje bort i frå at dei kan koma til å sjå på moglege tiltak også her.

Utviding
Spreningsarbeidet kjem ut på anbod i neste veke, og Opedal seier at steinmassane frå tunnelen vil brukast til å utvida visse delar av vegen ved Tungesvikstranda.
Etter oppmoding frå innbyggjarane i Skånevik vil vegvesenet også prøva å imøtekoma dei med møtestader på vegen nærare sentrum, dersom det er midlar att etter tunnelspreninga.
— Om det finnest midlar att etter tunnelprosjektet ved Tungesvik, kan desse bli brukte til å laga møteplassar ved dei tronge flaskehalsane på vegen nærare sentrum, seier Opedal.