Vil vera på den trygge sida

Synne Merete Mæle — Me ynskjer ikkje hausa dette for mykje, men det handlar om […]

Synne Merete Mæle

— Me ynskjer ikkje hausa dette for mykje, men det handlar om å ta svineinfluensaen alvorleg, og vere føre var, seier styrar Jenny Haugland Gundersen. 
På badet i Ølensjøen barnehage er Amalie Almås, (5 ½), Sebastian Hardeland Berge (4 ½), og Andreas Roa (6),  i full gong med handvasken etter at dei har vore ute.
— Me vaskar hendene for å få vekk bakteriar, slik at me ikkje blir sjuke, seier Amalie Almås.
Etter intens innsåping og påfølgjande skyljing viser dei stolt fram tre par reine hender.

Beredskapsplan
Barnehagen er eigd av Trygge Barnehager AS i Haugesund, men blir drive av FUS. Driftsselskapet har valt å setje inn ein ekstra beredskapsplan på grunn av svineinfluensaen som no truar oss. Beredskapsplanen er utvikla for å vere føre var, og gjeld alle Trygge Barnehagar sine nærare 300 private barnehagar i Noreg.
— Me har gode hygienetiltak i barnehagen vår. Før kvart måltid vaskar ungane hendene, dei tilsette desinfiserer seg ofte, og me er flinke til å bruke hanskar. Om fugleinfluensaen ikkje rammar oss, har me i så fall innarbeida gode rutinar for å unngå sjukdommar som er vanlege i barnehagar, som til dømes magesjau, styrar Jenny Haugland Gundersen. 

Heime i 48 timar
I skrivet som er sendt ut til alle i Trygge Barnehager står det at foreldre skal halde barnet heime i 48 timar etter at det har hatt feber. Det same gjeld for tilsette som hostar, eller føler seg sjuke.
Det skal brukast eingongshandske ved opning av ytterdører, og i samband med matlaging. Ungane får i denne perioden ikkje vere med å lage mat.
— Me har skjerpa rutinane. Skrivet skal vere ei påminning til foreldre og tilsette om å vere meir merksam på smittevern. For å unngå ein eventuell pandemi er det viktig å ha gode rutinar, for å redusere smittefaren så mykje som mogleg, seier Eli Sævareid, etnebuen som er dagleg leiar for Trygge Barnehager.

Som før

I Enge barnehage i Etne, som er kommunal, har dei ikkje fått instruksar frå kommunelegen om å skjerpa rutinane i forhold til ein eventuell pandemi.
— Me er nøye med handhygienen. Barn og vaksne er flinke til å vaske hendene før måltider, og etter me har vore ute. Ved pussing av nase er me nøye med å sprite både oss å ungane for å unngå smitte. Me har også rutinar på å vaske leiker ungane et på med jamne mellomrom, seier styrar i Enge barnehage, Gerd Toril Lindevik.