Fjorårsresultatet er det dårlegaste i historia til suksessgründer Jakob Hatteland (57). Tala er prega av finanskrisa som fører til behov for store nedskrivingar etter eitt år med ein svært dramatisk og uroleg marknad. Konsernsjef Karl Johan Lier er likevel ikkje utslått.
— Me har musklar til å ta dette tapet, og er i posisjon til å vidareutvikla og få seld produkta våre, seier sveibuen som styrer milliardkonsernet i Vindafjord.
Satsar vidare
Før helga blei dei tilsette ved Hatteland-konsernet i Nedre Vats informerte om dei blodraude tala for 2008. Samstundes fekk dei vita at konsernet har solid eigenkapital og dermed økonomiske musklar til vidare offensiv satsing utan å snakka om reduksjonar i arbeidsstokken på rundt 250 personar.
2007 var eit kjempeår for Hatteland-konsernet der salet av Hatteland Display drog opp resultatet. Gruppa har dei siste ti åra satsa summar i hundremillionar klassen på utvikling av det automatiske lagerhandteringssystemet AutoStore, samt på RamBase, som er eit komplett datasystem for lager, sal, innkjøp, finans, prognose, produksjon og distribusjon.Då finanskrisa slo ut for fullt for snart eitt år sidan, raste marknaden.
Avskrivingar
— I eit normalt år ville me forventa å koma ut i rundt null på drifta, men finanskrisa slo til, og spesielt marknaden for AutoStore tørka inn, forklarer Karl Johan Lier.
Driftsresultatet for 2008 viser pluss ni millionar før avskrivingar. Basert på marknadssituasjonen måtte konsernet ta kraftige nedskrivingar i rekneskapen:
Rundt 80 millionar på å få goodwillen i balanse, 50 millionar på omløpsaksjar, og like mykje på anleggsaksjar og andre eigedelar.
I tillegg er det bokført eit valutatap på 17 millionar.
Dermed står konsernet med eit minusresultat før skatt på rundt 199 millionar av ein omsetning på i underkant av 1,4 milliardar.
— Vil snu
Når Jakob Hatteland og hans nære medarbeidarar ikkje mister nattesøvnen, skuldast det oppbygging av ein solid eigenkapital gjennom åra og god likviditet. Soliditeten ved årsskiftet var på 574 millionar kroner.
— Konsernet står godt rusta både finansielt og ressursmessig, og vår strategi står ved lag. Me har stor tru på at marknaden vil snu og kjøpa våre produkt. Alt nå ser me at resultatet dette året blir langt betre enn 2008, seier Lier.
Konsernsjefen har spesielt tru på AutoStore, RamBase og IT-selskapet Hatteland Solutions AS. Gründeren sjølv spådde for for år sidan at AutoStore ville bli milliardbutikk. I år er berre to anlegg installert; i Arendal hos dotterselskapet Hattelco, samt hos Vestas, som er ein stor vindmølleprodusent i Danmark.
Også dotterselskapet Hattelco, som med over 1,1 milliardar i omsetning er størst i familien, hadde negativt bidrag til konsernet (-3,8 millionar før nedskriving).
Forhandlarnett
Så langt er ni AutoStore-anlegg oppe og går i Noreg, og eitt i Danmark. Systemet som handterer store kvanta varer med enkle tastetrykk, har framleis høge forventningar i konsernet.
— Dette er eit kostnadssparande produkt som me er overtydde marknaden vil ha når konjunkturane betrar seg og pessimismen har lagt seg. Nå har me stor trykk på å bygga opp eit internasjonalt forhandlarnett, og har alt knytt til oss Swisslog, som er ein av dei tre store i verda. Fokus er på 2010 og 2011.
— Ser du enden på finanskrisa?
— Det er i alle fall teikn til betring. Slike ting er vanskelege å spå om, men botnen er truleg nådd, samstundes som eg ser for meg ein del vidare uro utover året og truleg inn i neste år. Hatteland Gruppen er i den heldige situasjonen som har ein eigar med pengar og som er villig til å investera, svarer konsernsjef Karl Johan Lier.
Hatteland Gruppen
Konsernrekneskap (i mill.kr.) 2008 2007
Driftsinntekter 1.373,2 1.994.664,3
Driftsresultat -98,7 305,7
Netto finans -99,9 -15,0
Resultat før skatt -198,6 290,8
Årsresultat -182,8 281,9
Jakob Hatteland Holding AS
Resultatrekneskap (i mill.kr.) 2008 2007
Driftsinntekter 0 1
Drifsresultat -11,7 -1,6
Netto finans -202,6 354,2
Resultat før skatt -214,3 352,6
Årsresultat -212,0 339,9
Oppgitt over formueskatt
Jakob Hatteland må ta ut utbytte for å betala skatt.
I fjor tok IT-gründeren i Nedre Vats ut 20 millionar kroner for å betala familien sin formueskatt og gjeldsrenter. Konsernsjef Karl Johan Lier synest dette er eit svært uheldig utslag av den raudgrøne politikken.
— Dette er ei hårreisande regelendring som slår ut i full kraft i 2008. Dermed må Hatteland ta ut pengar av konsernet for å gjera opp for seg. I praksis vil dette seia at han har igjen mindre pengar til å investera og bygga opp nye arbeidsplassar fordi han må skatta av eigenkapitalen.