Alvorleg skadde i kollisjon

Ein personbil og ein lastebil har kollidert like aust for Etne sentrum. Den kraftige kollisjonen […]

Ein personbil og ein lastebil har kollidert like aust for Etne sentrum.

Den kraftige kollisjonen skjedde på E134 like ved Etne Camping like før klokka 08.00. Vitne fortel at personbilen som kom frå aust, har kome over på feil side av vegen. Der har den treft lastebilen front mot front. I personbilen som fekk store materielle skadar, var det tre personar. Det var to personar i lastebilen, og sjåføren blei frakta til kontroll ved Etne legesenter, men skal vera uskadd.

Dei tre mennene i personbilen blei alle frakta til sjukehus. Ein mann på 22 år, blei sendt med luftambulanse til Haukeland Unversitetssjukehus. Tilstanden hans skal vera alvorleg, men stabil. Han blir nå behandla på intensivavdelinga.

Ein mann fødd i 1979 blei frakta til Stavanger Universitetssjukehus med brot- og beinskader. Han er alvorleg skadd, men stabil og ventar nå på operasjon.

Den tredje mannen i bilen blei frakta til Haugeund sjukehus med ambulanse. Det er førebels uvisst korleis tilstanden hans er.

Det er 60 km/t-sone på staden. Både politi, ambulanse og brannvesen er nå på staden. Luftambulansen kom til ulykkesstaden like etter kl 08.30 med to helikopter.