Utlendingsdirektoratet (UDI) har stort behov for fleire tusen nye mottaksplassar, og 220 av desse kan bli på eit industriområde i Vindafjord. I mai registrerte UDI 1.490 søknader om asyl her i landet, og i dei fem første månadene var det totalt 6.595 personar som søkte om vern og opphald her i landet.
Hus på sjøen
I fjor prøvde operatøren Hero Norge AS å etablere asylmottak på Vikedal Sæter i Vikedal, men det stranda. No er det Hoff Eiendom med base i Korgen i Nordland som tilbyr UDI 220 plassar på den flytande bustadriggen «Bella Ludwiga». Den blir leigd ut av Eide Bygg & Anlegg AS. Flotellet ligg i Egersund, og skal i tilfelle slepast opp til Vikebygd.
Viggo Ole Hoff i Hoff Eiendom var på plass på Dommersnes i går saman med Ole-Petter Dahle og Einar Bratteli frå UDI region vest, pluss rådmann Kristian Birkeland i Vindafjord.
— No er det opp til UDI å vurdere om dette er eit godt alternativ. Flotellet kan vere eit fint alternativ for eit kortvarig butilbod, og med ein del tiltak kan dette området eigne seg, seier Hoff.
Han hadde sett området på bilde før han kom til Vikebygd i går. Hoff meiner industriområde er ein spesiell plass å plassere eit mottak, men trur likevel det kan vere forsvarleg sidan asylsøkjarar ikkje skal bu på mottak i lang tid.
Treng plassane
Det var nettopp spørsmålet om Dommersnes eignar seg UDI skulle vurdere på synfaringa i går.
— Vi er her for å danne oss eit bilde av dette tilbodet vi har fått frå Hoff, slik vi er pliktige til i ein open konkurranse. Det er spesielle utfordringar når det gjeld infrastruktur og avstandar, men Hoff har lufta løysingar. Vi har ikkje erfaring med flotell før. Etter denne synfaringa må vi gjere ei vurdering i dialog med driftsoperatøren, seier Ole-Petter Dahle, rådgjevar i UDI region vest.
Regionen har fått til bod om 580 plassar fordel på seks aktørar, alle i Rogaland. Målet til UDI er å opprette 600-700 plassar i region vest, og utan mottaket i Vikebygd står UDI igjen med 360.
— Slik sett treng vi alle plassane, men det er forhandlingar og løysingar som avgjer om vi tar imot tilboda, seier Dahle.
UDI har hatt ein landsomfattande utlysing, og skal i slutten av juni avgjere kven av tilboda som når fram. Prognosen er at talet på asylsøkjarar vil auke endå meir i tida framover.
«Bella Ludwiga»
Hoff Eiendom har fire operatørselskap som driv asylmottak, og to av mottaka er på Stord og Bømlo. Hoff har også levert tilbod om mottak i Tysfjord, Verdal og Porsanger, i tillegg til Vindafjord.
— Eg trur det går an å få til eit forsvarleg mottak dersom ein også legg til rette med ein eigen transport sidan det vel ikkje går buss så alt for ofte på denne strekninga. Vi må også skjerme av området frå det som er rundt, og truleg lage ei ballbane, seier Hoff.
Eide Bygg & Anlegg AS har leigd ut flotell sidan 1997, og sit igjen med «Bella Ludwiga» med 82 rom. Kvart rom har eige bad, resepsjon midtskips, to store opphaldsrom med tv, pluss garderobe til alle. Det er med andre ord eit slags motell flytande på ein lekter. Utleigaren har også ei eiga brannvakt ombord i leigeperioden.
Flotellet «Bella Ludwiga» har 82 rom med eigne bad.
Kommunen har nøkkelen
Vindafjord kommune får eit avgjerande ord med i laget om det skal bli asylmottak i Vikebygd. Årsaka er at kommunen må leige ut både kai og landareal til Hoff Eiendom.
Vanlegvis er kommunane ein høyringsinstans når UDI skal opprette asylmottak, så sant kommunane ikkje er direkte involverte. Men i Vikebygd kan kommunen ha det avgjerande ordet sidan Hoff Eiendom er avhengig av leigeavtale på industriområdet.
Rådmann Kristian Birkeland var med på synfaringa i går, både for å gjere seg betre kjend på området og bidra med opplysningar.
Rask avgjerd
— Eg vart kontakta av UDI om saka, og eg sa at dei måtte kome på synfaring før vi lager noko sak på eit eventuelt mottak. Industriområdet er ikkje den mest optimale staden å bu over tid, og eg ville at dei skulle sjå det før vi engasjerer oss noko meir, seier Birkeland.
Han seier at dersom området blir aktuelt, skal kommunen ha eit informasjonsmøte først der folk i området er målgruppe.
— Formannskapet må ta stilling til om kaia skal leigast ut til flotell og mottak, og det må i tilfelle bli operatøren sitt ansvar å sikre området, seier han.
Birkeland ventar svar frå UDI alt før formannskapsmøtet på tysdag om UDI vurderer alternativet så interessant at politikarane må ta stilling til om kommunen skal leige ut.