Dramatisk for Nortura

Konsernet med 38 fabrikkar, blant anna i Sandeid, fekk eit negativt resultat før skatt på […]

Konsernet med 38 fabrikkar, blant anna i Sandeid, fekk eit negativt resultat før skatt på minus 244 millionar kroner av ein omsetning på 4,7 milliardar kroner i årets fire første månader. Leiinga varslar nå omfattande tiltak som vil gi nedlegging av anlegg og kutt i staben på  opp mot 2.000 personar. Det er i dag 6.500 medarbeidarar i konsernet.
Det er to hovudårsaker til resultatet dei første fire månadene i år:
Råvareprisen på kjøtt har økt utan at dette er kompensert i sluttmarknaden. Dessutan er inntektene og produksjonsvolumet lågare fordi forbrukarane kjøper meir billige kjøttprodukt og handlar meir i lågpriskjeder. Dette har gått ut over etablerte merkevarer som Gilde og Prior.

Alvorstynga konsernsjef
— Situasjonen er alvorleg og tala viser tydelig behovet for å gjera omfattande grep. Me forserer planane og gjennomfører omfattande endringstiltak for å betra lønsemda dei neste åra med 2,5 milliardar kroner. I gjennomsnitt skal me kutta 25 – 30 prosent av kostnadene. Det betyr færre medarbeidarar, færre fabrikker, færre produkt og lågare råvarepris, seier konsernsjef Geir Olav Opheim i ei melding som er sendt ut frå Nortura.
Konsernet gjennomfører informasjonsmøte ved alle sine avdelingar denne veka.