Ein hage med høgt aktivitetsnivå

Hanne Matre (t.h.) fortel at det er dei eldre som har lært personalet på omsorgssenteret […]

Hanne Matre (t.h.) fortel at det er dei eldre som har lært personalet på omsorgssenteret korleis du skal hesje. Her instruerer Toralf Dørheim ivrig.

Anita Haugland

— Hanne Matre som jobbar ved den eine dementavdelinga, har teke initiativ til å setje opp staur slik at dei gamle får hesja, seier Solfrid Vågen, einingsleiaren på omsorgssenteret.
Personalet er opptekne av at dei gamle skal ha det kjekt, samtidig som dei får stimulera sansane.
— Det er fleire som har vore svært opptekne av dette, og kvar dag er det nokre som har snudd og vendt på høyet, seier Matre.
Ho fortel at dei fleste som er på denne dementavdelinga har vore knytt til gard tidlegare i livet, og slike aktivitetar som hesjing framkallar gode minner.
— I denne samanhengen er det dei eldre som må læra oss opp, og dette gir meistringskjensle, seier omsorgsarbeidaren Hanne Matre.

Les meir i papiravisa måndag.