Ifølge vitne skjedde ulykka idet to bilar møttest på den smale vegen og måtte stansa opp. Motorsykkelen som kom frå Skånevik, svinga unna bilen han låg bak, og trefte den motgåande bilen.
Det viste seg at skadane var så omfattande at luftambulansen blei rekvirert for transport til sjukehus. Guten på 16 år har skadar i bekken, lår og arm, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt..
Den skadde blei frakta i ambulansebil til grusbanen i Skånevik der han blei tatt om bord i helikopter.
Trafikkuhellet blei meldt kl 09.45, og skjedde ein knapp kilometer aust for Skånevik.