Både Lundeneset vidaregåande skole og West Contractors i Ølensvåg er ekspanderande bedrifter i eit område der ledig areal er mangelvare. Naboskapet fører til motstridane interesser.
— Westcon får ordne sine problem på sitt eige areal, det blir feil å trenge seg inn på vårt område. Vi har bruk for fleire bustader til tilsette, og det er dette arealet vi har. Naboskapet med Westcon påfører oss ulemper når dei vil bandleggje område vi har planar for, seier Børge Thingbø, styreleiar i Lundeneset vidaregåande skole.
Det er eitt av to innspel Westcon har til den nye kommuneplanen som begge berører naboen. På langtidsplanen har Westcon også ein ny tørrdokk som skal gå heilt opp mot grensa til Lundeneset, i følgje Thingbø. I dag har Westcon parkering i dette området.
Har lite areal
Det aktuelle området er ved innkøyrsla til skulen der skulen disponerer to privatbustader frå før. Her ønskjer Lundeneset å byggje fleire hus. Westcon vil også at eit område ved sjøen som ein tredjepart eig, skal få status til industri. Dette området ligg som ei lita øy mellom dei to verksemdene.
— Det er inga god utvikling for oss om Westcon skulle få støtte av kommunen. Området ved sjøen bør vere ein buffer slik at naboskapet kan fungere. Dersom industrien kjem nærmare oss er det ei uheldig utvikling, seier Thingbø.
Han påpeikar at skulen har så lite areal at området opp mot riksvegen er det best eigna for lærarbustader.
— Vi har to hus der frå før, og det er målt forholdsvis lite støy i dette området, seier Thingbø.
Gunstig med familiar
Rektor Gustav Fosse ved Lundeneset seier det er viktig at skulen får på plass eit område til bustader.
— Skulen veks og det er best for miljøet at det bur ein del familiar på området, slik at det ikkje blir eit reint ungdomsmiljø. Dessutan vil vi skilje ut tomtene slik at lærarane eig husa medan dei bur der, og dermed kan få ta del i verdistiginga som dei går glipp av ved å leige, seier rektoren.
Han opplyser at dei også har planar om eit nybygg til skuleføremål, og at arealmangelen blir prekær.
I knipe
Men sjølv om industrien ikkje får ete seg inn på skulen sitt område, tyder signal på at kommunen vil vende tommelen ned for fleire hus nær industrinaboen.
— For to år sidan kravde kommunen ein reguleringsplan for eigedommen vår før vi kunne gå i gang med utbygging. No har det gått eitt år utan at vi har høyrt noko om planen vi presenterte. Får vi ikkje bruke dette området, har vi eit problem, seier Thingbø.
Både rektoren og styreleiaren har fått med seg at politikarane meiner at skulen skal ekspandere mot nord, altså i motsett retning.
— Problemet med eit slikt vedtak er at kommunen ikkje disponerer dette arealet. Vi grenser mot ein landbrukseigedom, og i denne saka møtest kryssande interesser på fleire plan. Det beste og enklaste er at vi får utnytte det arealet vi eig, seier Thingbø.
Han fryktar at det politikarane ser på som eit kompromiss, vil skaper problem for skulen.
Ny dokk på blokka
Dagleg leiar Øystein Matre i Westcon meiner ønsket om å utvide industriområdet vil føre til mindre konflikt mellom dei to naboane.
Det forklarer han med at det nye området i så fall blir ein buffer mellom verftet og skulen. På framtidskartet har Westcon ein ny dokk på eigen grunn, og den vil føre til at aktiviteten kjem litt nærmare området der Lundeneset vidaregåande skole har to hus i dag, men ønskjer å byggje fleire.
— Dette er ikkje noko vi ønskjer å diskutere i media, men i ein dialog mellom partane. Det vi har lagt fram i samband med revisjonen av kommuneplanen, vil lage eit betre forhold mellom naboane, ikkje skape konfliktar, seier Matre.
Westcon oppover
Formannskapet har vore på synfaring i området og gitt føringar om at Westcon skal kunne utvide nordover og skulen austover. For Westcon betyr det areal på andre sida av riksvegen. Der har bedrifta alt kjøpt ein eigedom. Dette området er aktuelt å bruke til bustadrigg, lager og underleverandørar, og dermed frigjere areal på industriområdet.
— Dette er ikkje noko vi har konkrete planar om i dag, men det kan bli aktuelt å flytte bustaddelen opp der. Vi må sjå framover, men det er ikkje lett å spå om framtida, seier Matre.