— Eg skulle på ein sjukeheim, men det er jo berre ungdommar her. Er eg komme til feil stad? spurde Knut T. Storbukås, betre kjent som Sputnik, undrande då han kom inn i ein fullsett konsertarena på omsorgssenteret.
Etter dette utspelet var stemninga sett, og publikum var svært begeistra under konserten.
— «Lukk opp din hjertedør, og la solen skinn …» song Sputnik, kona Vivian og dei frammøtte publikummarane. Konserten blei halden fredag føremiddag på omsorgssenteret i Etne.
— Er det nokre mannfolk som kan by opp damene til «Ungkarsvalsen»? spurde Vivian og Sputnik i mikrofonen.
Det blei ikkje den heilt store responsen, men Jacob Vik og aktivitør Solfrid Utseth stilte opp til dans, til stor glede for publikum.
Jubilant
Om ein månad fyller Cecilie Sørheim hundre år. Ho bur på Etne omsorgssenter. Sputnik fekk tips om dette før konserten, og den første songen i programmet blei «gratulerar med dagen».
Etter ei stund gjekk Vivian ned til den komande jubilanten, sette seg attmed ho og song «mor dine øyne så milde og blå». Dette sette kjenslene i sving, og fleire av tilhøyrarane blei rørt til tårer.
Variert musikk
I desse dagar er det like før plateslepp for Sputnik. Likevel var det berre gamle slagarar som blei framførte på konserten.
— Eg skal syngje dei songane som folk kan og hugsar, seier den folkekjære artisten frå Drangedal i Telemark.
Alle fekk utdelt eit hefte med songtekstane, slik at det skulle bli lettare å ta del i allsongen.
— Eg skal synge blant anna «Skilles Johanne», «Ungkars-valsen» og «Nidelven», seier Sputnik. På spørsmål og dette er den nye målgruppa til Sputnik, svarer han nei.
— Dersom eg skal på konsert ein stad så plar eg ringje eldresenter i nærleiken slik at eg og Vivian får litt fleire konsertar samtidig, seier Sputnik.
Fans
Etter 50 år som artist har Sputnik mange opplevingar å sjå tilbake på.
— Det eg hugsar best om fansen er då ei amerikansk dame kom å kyssa meg på kinna med leppestift. CBS var og filma der, og dermed kom eg på fjernsyn i heile Amerika med kyssemerke på begge kinna, humrar Sputnik.
Likevel minnast han det største augeblikket frå Moskva i Russland.
— Me var den første gruppa som fekk spele på den Røde plass, og det kom mellom 3.000 og 4.000 politfolk som skulle jage oss vekk. Heldigvis hadde me løyve frå Gorbatsjov, seier Sputnik.
Han hugsar at russarane var svært glad i songen, «Lukk opp din hjertedør».