I mars døydde Asgaut Frøvik. Då opna Inghart Lasse Tveit og Terje Kleiven i styret for Nagelfondet ein konvolutt Frøvik kom med i 1993. I brevet stod det at alt han eigde skulle gå «til beste for eldre i Skjold», skriv Haugesunds Avis laurdag 13. juni 2009.
Eigedommen inkluderer ein flott gard på 200 dekar med lang strandlinje til Skjoldafjorden, samt 1,3 millionar i kontantar. Garden er regulert til hytteområde, og det tyder på at staden truleg er verd fleire millionar kroner.
— Denne mannen var ein mann med prinsipp, og gravferda var utan seremoni. Garden og bankinnskotet gav han til dei eldre i Skjold, og alt dette bestemte han sjølv, skriv Haugesunds Avis.
Gav milliongåve til dei eldre i Skjold
I mars døydde Asgaut Frøvik. Då opna Inghart Lasse Tveit og Terje Kleiven i styret […]