Paradokset er like stort som fjellpartiet AF Decom tar bit for bit av, meiner Ole J. Indreland. Garden hans startar rundt 500 meter frå industriområdet til AF Decom.
Der har AF Decom fått lov til å leggje under seg 165.000 kvadratmeter, der store delar består i å sprenge vekk fjell, og er eit godt synleg sår i Vatsfjorden. Kontrasten til Indreland sitt vesle naust på nokre kvadratmeter er formidabel, men her har administrasjonen i Vindafjord kommune vendt tommelen ned fordi det er inngrep i strandsona. Han har ikkje naust på eigedommen sin frå før.
— Eg har alt klaga på vedtaket, det går ikkje an når ein ser kva som skjer rett der borte, seier Indreland og nikkar i retning AF Decom.
Stor kontrast
Rett rundt neset frå vika hans, møter han først det nye fyrverkerianlegget til Jakob Hatteland som tar rundt 300 meter av strandlinja. Deretter rundar han ein ny odde og gigantiske fjellskjeringar kjem til syne på AF Decom sitt anlegg.
— Skal eg ikkje få lov til å ha eit naust på garden min, når andre får lov til alt dette. Det kan ikkje vere rettferdig, seier Indreland.
Vats-bonden likar å fiske i fjorden, og meiner paradokset ikkje blir mindre når Decom også får lov å sleppe ut tungmetall og ankre opp store oljeinstallasjonar i Vatsfjorden.
— Kva blir eit lite naust mot alt dette. Brygga mi lagar ingen sjau for nokon, men Decom kan halde på med sjau med døgndrift. Det eg har planlagt er ikkje meir enn støvet frå borehola der ute, og dei får leggje alt flatt. Eg forstod ingenting då avslaget kom.
Kystverket sa ja
Kystverket har gitt Indreland klarsignal til fylling og kai der naustet skal byggjast. Området er ei langgrunn evje, og han må 30 meter ut frå land i vika for å få djupne til båten. Kystverket meiner det er eit nødvendig tiltak og vil gjere tilgangen til sjøen enklare i dette området.
Som på alle gardsbruk er det LNF-område, og eit naust må ha dispensasjon. I administrasjonen i kommunen er det berre statlege direktiv om at ein skal vere varsam med å byggje i strandsona som gjeld, og ikkje skjøn til fordel til for bonden.
— Dette er ei evje som ingen brukar. Ein må gå langt gjennom tun eller på dyrka mark for å kome ned her. Eg tok over garden for 35 år sidan, og eg har berre ein gong sett eit menneske her nede. Det kan ein ikkje akkurat kalle friluftsområde, seier Indreland.
Han meiner det difor er all grunn til å gi dispensasjon. Når regelverket er slik, er det fordi det i enkelte tilfelle ikkje går mot allmenne interesser å godta utbygging i strandsona.
Andre får lov
Han ser innover fjorden mot Åmsosen og ramsar opp fem-seks naust som er ført opp dei seinare åra.
— Kvifor dei har fått ja og eg nei, kan eg ikkje svare på. Eg trudde det var sjølvsagt at eit gardsbruk skal kunne ha naust og nytte seg av fiske i fjorden. Det har alltid vore ein del av leverbrødet å fiske, seier Indreland.
Men i administrasjonen i kommunen blir det slått fast at eit gardsnaust er som alle andre naust, og skal ikkje ha noko særbehandling som gir grunnlag for dispensasjon.
Rette rundt neset møter Ole J. Indreland dette synet, eit gigantisk naturinngrep.
Inngrep i terrenget avgjorde
Det er terrenginngrepet i strandsona som er avgjerande for at kommunen ikkje vil gi Ole J. Indreland lov til å skaffe seg naust på eigedommen sin. Allmenn ferdsel har ingen betydning.
Det forklarer saksbehandlar Sissel Aarvik i Vindafjord kommune.
— Eg trur Indreland på at det ikkje er folk i dette området. Men det har vi aldri framheva som eit poeng for ikkje å kunne gi dispensasjon. Fyllinga er ikkje ei godt landskapsmessig tilpassing, og sentrale føringar er at kommunane skal vere restriktive i 100-metersbeltet i strandsona, seier Aarvik.
— Men Kystverket synest det var eit heilt greitt inngrep?
— Ja, men dei vurderer det ut frå ferdsel på sjøen i sitt eige lovverk, seier Aarvik.
— Er det ikkje rimeleg at eit gardsbruk på grisgrendte Raunes skal kunne ha eit naust?
— Ein tenkte slik før, men det er slått fast av departementet at gardsnaust ikkje skil seg frå andre naust når ein ikkje driv næring på sjøen, seier ho.
Ansvar for begge
Aarvik har som planleggjar i kommunen hatt ansvar for reguleringsendringane på Raunes. Det er det største enkeltinngrepet i Vindafjord i nyare tid.
— Synst ikkje du det er eit paradoks å seie ja til så store inngrep, og deretter nei til eit lite naust?
— Ein kan alltid problematisere, men Decom sitt område var sett av til industri. Det blir litt som å samanlikne eple og pærer. Ein må også vurderer saker ut frå kor viktige dei er for samfunnet. Vi meiner det ikkje er gode nok grunnar til å gi dispensasjon for naustet, seier ho.
Aarvik viser til at vedtaket er anka og at Indreland vil få saka si vurdert av andre instansar, først av lokalpolitikarane.