Historisk kvinnehopp

Kari Aakra Det var verken teikn til nervar eller frykt, då Gerd Toril Lindevik frå […]

Kari Aakra

Det var verken teikn til nervar eller frykt, då Gerd Toril Lindevik frå Etne skreiv strikkhopphistorie i Åkrafjorden i dag. Ho er leiar i Enge barnehage, og fekk hoppet i 40 årsgåve av kollegaene i barnehagen. Lenge visste ho ikkje sjølv at ho skulle vera den første, men hadde ytra eit ønskje om ta svevet då det blei avgjort at Trolljuv skulle bli strikkhoppbase.
— Eg har alltid sagt at det måtte væra kjekt å prøva seg på dette. Høgde har liksom fascinert meg, og nå forventar eg eit enormt sug, sa ei spent Lindevik før første hoppet.

— Betre enn venta!
Dagen før var ho på synfaring ved Trolljuv, og hadde ein prat med strikkhopp-sjef Petter Kvalsvik for å førebu seg på svevet.
Med omlag femti tilskodarar tok ho første strikkhopp frå  Trolljuv like eller kl. 11.00, søndag føremiddag.  Vel oppe att var ho ikkje framand for å ta svevet på nytt.
— Eg er noko letta nå, men dette var mykje betre enn eg trudde og ikkje så skummelt som eg hadde frykta, smilte Lindevik medan hopparane spratt frå rampen ein etter ein utover den nydelege søndagen i Åkrafjorden.

400

Strikkhopp-arrangør Petter Kvalsvik gratulerer Gerd Toril Lindevik med vel utført førstehopp frå Trolljuv.

Les meir i måndagsutgåva av Grannar